Picasa

Kongen skal på plass mandag

Mandag 13. april skal den største mobilkrana som nokon gong har vore i aksjon i Rindal løfte på plass bærekonstruksjonen til det nye tårnet på Rindal kirke. Den sentrale stokken som alt skal festas til, kongen, er 17 m og 8x8 tommar. Even Langli sørger for at sperrene blir tilpassa kongen i toppen.

Vibo reknar med at mobilkrana er på plass og stabilisert før kl.12.00 og at løftinga tek til da. Dei vil halde på til dei er ferdige, så det kan bli langdag. Det betyr at dei planlegg å skru saman sperrer og konge i toppen og feste sperrene i sperrefotfestet slik at konstruksjonen blir fullt ut sikra før dei tek kveld på mandag.

Alt skal visstnok løftas over stillaset som er kledd med plastikk, for så å senkast ned på plass. Da krevs det god kommunikasjon mellom kranførar og dei andre mannskapa!

Den som vil få med seg sjølve oppheisinga må vere på plass frå ca 12.00 og utover mandagen, men sjølvsagt halde seg på god avstand!

Trollheimsporten kjem med bilde frå arbeidet seinare på mandag.

Les artikkel om materialane her på Trollheimsporten! Der finn du også link til tidlegare artiklar om tårnet.

Nedafor ser du kongen og sperrene under tilpassing.

IMGP9266_690x1042.jpg