Konfirmantane lagar lysmesse
Christian, Tore, Steinar (bak) og Mads deltek i lystenninga i Todalen kyrkje.
Det er konfirmantane som denne dagen sørgjer for at klokkene kallar folk til kyrkje – før messa opnar med stilfull prosesjon. Salmen «Hosianna, Davids son» blir i Stangvik illustrert med enkle dansetrinn av tre unge. Under «Tenn lys» (i adventskransen) bytter organisten plass med konfirmant Ingrid på flygelkrakken.
Hovudpost under «Ordet» er veksling mellom lesing av profetiar (ved m.a. Ragnhild og Kristine), salmesong og konfirmantane si tenning av den 7-arma lysestaken med sin symblikk. Også kunngjeringar vil ungdommane ta seg av.
Gruppene kom med mange gode tankar til forbøna. Her er Solveig, Christian og Ingrid i samtale om aktuelle emne
På øvingskvelden var det «bøneverkstad», der konfirmantane sjøl utforma deler av søndagens forbøn. Dei har engasjement for menneske som lid vondt rundt i verda, for fred, toleranse og menneskerettar og for ettervirkningane av Utøya-tragedien. Prest Dag Øivind Østereng vil ta med desse bøneemna under lysmessa.
I Todalen er det også barnedåp. 4- og 6-åringar får bøker i gåve frå kyrkjelyden. Litt større barn er inviterte til å motta kvar sin bibel i begge kyrkjene.
Stangvik-jentene kosar seg med mat og saft. Rundt frå venstre: Ragnhild, Solveig, Ingrid, Mira, Kristine og Live.
Soknerådsleiar Berit Anne Røkkum frå Stangvik og medlem Signe Grønmyr (Todalen) leia øvingskvelden saman med organist Bernt G. Bøe. Og da Signe sette fram rundstykke, kjeks og saft på bordet, vart dei ei populær avslutning på arbeidsøkta i Todalskyrkja.
Tekst/foto: Bernt G. Bøe