
Konfirmantane lagar kveldsmesse
Den tradisjonelle «overhøringsgudstenesta» før konfirmasjonen har lenge vore erstatta med aktivisering der alle har si rolle. Dei unge sjøl står for det meste – frå klokkeringing og lydteknikk til tekster, bøner og musikk. Alt dette i tråd med ny gudstenesteforståing, der «liturgi» blir ordrett forstått – som «folket i handling».
Med soknerådsleiar Berit Anne Røkkum, klokkar Randi Bøe, sokneprest Bernt Venås og organist Bernt Bøe som instruktørar har tenåringane frå Todalen, Åsskard og Stangvik samla seg om ein stor messe-dugnad som avslutning på konfirmantåret.
Guudstenesta følgjer den vanlege grunnordninga som vart innført i haust og er altså for alle – inga «rocke-messe». Mykje nytt skjer likevel.
Songane blir kompa av piano, bass, gitar og trommer. Pianistar i gruppa sørgjer for preludium og offermusikk. Lesing skjer delvis i «roller». Songar får visuelt uttrykk med bevegelse og bruk av symbol. Pantomime og andre symbolhandlingar utdjupar messa.
Samlingsdelen før klokkene ringer, er utforma som biletserie med glimt frå kyrkjelivet i Todalen, Åsskard og Stangvik siste året – der konfirmantane ved mange høve har hatt viktige roller.
Etter gudstenesta er det grillmat og kaffe på Svissholmen.
Klikk bildene større: