005_1024x683

Kommunen overtek drifta av Kulturhuset

Dei fem siste åra har Vårsøg hotell hatt ansvaret for drifta av Surnadal kulturhus. Frå og med i dag tek kommunen over drifta av bygget igjen, og representantar frå både hotellet og kommunen var i føremiddag samla i foajeen på Kulturhuset for å markere overtakinga. Trass i at kommunen no overtek drifta, vil det fortsatt bli eit tett samarbeid mellom kommunen og Vårsøg hotell på Kulturhuset. -Ekteskapet går no over i ein ny fase, og vi skiljest som vener, konkluderte ein spøkefull ordførar Mons Otnes.

 Frå venstre direktør ved Vårsøg hotell, Ida Elisabeth Dønheim, rådmann knut Haugen, kulturleiar Lilli Husby og ordførar Mons Otnes vil fortsette samarbeidet inn i framtida. Foto: Norunn Holten

I om lag fem år har Vårsøg hotell stått for drifta ved Surnadal kulturhus. Ordføraren takka direktør Ida Elisabeth Dønheim og Vårsøg hotell for godt samarbeid i desse åra og for å ha vore eit godt vertskap på Kulturhuset. Samarbeidet mellom hotellet og kommunen har gjort at Surnadal mellom anna har hatt eit døgnope kulturhus- noko som ikkje er alle forunt, framheva rådmann Knut Haugen.

I praksis vil publikum merke lite til at kommunen no tek over drifta. Både kommunen og hotellet ønskjer dessutan å forsette samarbeidet seg imellom også i framtida. Dei meiner no å ha funne fram til den mest fornuftige driftsmodellen for Kulturhuset. Eit forelda avtaleverk gjorde at samarbeidet tidlegare vart unødvendig komplisert, men det er no forenkla. Kommunen blir ståande som både eigar og drivar av kulturhuset. Hotellet vil framleis ha resepsjon der og leie tre kontorrom. Kommunen vil på si side framleis leie kulturhustenester, inkludert turistinformasjon, av hotellet. Alt i alt lovar dei fortsatt døgnope hus med god service.

Både hotelldirektøren og representantane frå kommunen er einige i at dei har lykkast med samarbeidet om Kulturhuset så langt. Ida Dønheim beskriv Kulturhuset og det tilbodet som blir gitt der som eit fantastisk pre for hotellet. Ho tykkjer programmet på Kulturhuset er veldig bra, noko hotellet også kan dra nytte av. Hotellet vil til dømes arbeide med å tilby hotellpakkar på det som foregår på Kulturhuset. Slik ønskjer dei å sette fokus på gode opplevingar i Surnadal og sette Surnadal på kartet som ein opplevelseskommune.