knut haugen 2000

Pristilboda ligg rundt ramma på 215 millionar kroner:

Kommunedirektøren tilrår bygging av ny skule

På eit kveldsmøte i kommunestyret torsdag 27. februar skal politikarane i Surnadal gjere vedtak i saka om utbygging av Surnadal barne- og ungdomsskule. Kommunedirektør Knut Haugen skriv i saksframlegget til møtet at dei innkomne tilboda frå entreprenørane tilseier at prisen på prosjektet vil bli rundt den tidlegare vedtekne ramma på 215 millionar kroner, og i innstillinga tilrår han politikarane å vedta bygging.

5. september i fjor vedtok kommunestyret i Surnadal å lyse ut nye Surnadal barne- og ungdomsskule på anbod, samt å justere opp kostnadsramma til 215 millionar kroner, inkludert mva.

I denne summen ligg sjølve anboda, samt påløpte kostnadar, kjøp og riving av bustadhus, byggherrekostnadar og inventar.

Ved anbodsåpninga 14. februar var det klart at tre entreprenørar - HENT AS, Vibo Entreprenør AS og Consto Midt-Norge AS, hadde levert tilbod.

Onsdag ettermiddag vart saksframlegget til kommunestyremøtet torsdag 27. februar offentleggjort, og der skriv kommunedirektøren at anboda no vert gjennomgått og kvalitetssikra. 

Prosjektet er også denne gongen lyst ut med fleire opsjonar, og ifølgje saksframlegget vil den pågåande gjennomgangen av anboda mellom anna vise kor mange av dei det er muleg å realisere. Det gjeld mellom anna følgjande opsjonar:

• Taktekking eks. ungdomsskule 
• Nytt ventilasjonsaggregat eks. ungdomsskule 
• Solcelleanlegg 
• Løfteplattform garderobar vest 
• Nytt SD – anlegg for heile skulen 
• Utomhusutstyr 

Riving av Blå-bygget er tenkt som eigen anbodskonkurranse, og ikkje del av hovudprosjektet. 

Det vart i anbodsprosessen til nyskulen valt ei anbodsform med samspelsfase. Dermed kan kommunen, basert på anboda, fortsette dialogen med tilbydaren ein vel å inngå kontrakt med, så fort denne er inngått.

Denne fasen skal, ifølgje den gjeldande framdriftsplana, vare fram til byggestart, som er planlagt 1. juni i år.

Etter eit eventuelt kommunestyrevedtak, er det plan- og byggjenemnda for Surnadal barne- og ungdomsskule som har ansvar for å følgje opp byggjeprosjektet vidare, og det er og dei som skal velje tilbydar. 

Dersom tilrådinga, eller eit anna forslag som vedtek bygging, får fleirtal, er planlagt byggestart for den nye skulen altså 1. juni, medan tenkt overtaking av ny skule er 1. desember 2021. 
 

Kommunedirektøren si innstilling:

"1. Surnadal kommunestyre vedtek å byggje Surnadal barne- og ungdomsskule innafor ei ramme på kr 215 mill. inkl. mva. Grunnlaget for dette er dei innkomne tilboda i anbodsutlysinga. Forventa byggjestart er 01.06.2020.

2. Investeringsbeløpet skal finansierast gjennom låneopptak.

3. Den nedsette arbeidsgruppa fortsetter arbeidet gjennom heile planleggings- og utbyggingsperioden.

4. Plan – og byggjenemnda for Surnadal barne- og ungdomsskule vel entreprenør i tråd med reglementet for plan- og byggjenemnder pkt. 11.4,f."