Kommunebudsjettet for Surnadal og spørsmål om å legge ned fleire sjukeheimsplassar
I Surnadal blir det arbeid målbevisst med å kome fram til eit budsjett i balanse for året 2018. Mange budsjettpostar må nok reduserast før ein er komen i mål. Spørsmålet om nedlegging av fleire sjukeheimsplassar blir no seriøst vurdert. Sist veke kom hovudutvalet for helse- og omsorg og eldrerådet med sine innspel til det vidare arbeidet med budsjettet. Dei to nemnde folkevalde organa har i samrøystes vedtaks form uttala at dei finn grunn til å peike på at talet på 80-åringar i følgje framskrivingstal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) vil auke sterkt i Surnadal frå 2019-2030. Av denne grunn blir det understreka at ein bør tenkje seg grundig om før ein går til det steget å redusere talet på institusjonsplassar innan pleie- og omsorgstenesta i kommunen. Det blir og minna på om at kommunen for få år sidan reduserte talet på institusjonsplassar med 20. Her inngjekk det da nedlegging av 15 plassar ved Stangvik aldersheim. Vidare kom det fram forslag om at Stangvik aldersheim blir lagt ut for sal, med ein klausul om at bygget kan vere meir fleksibelt i høve til bruk. Til dømes anna enn omsorgsbustader. Dei folkevalde vil elles om kort tid få ei eiga sak til behandling som går ut på den framtidige bruken av Stangvik aldersheim.
Mitt syn er at det ikkje bør byggast omsorgsbustader i Stangvika. Staden har ikkje nærbutikk. Situasjonen blir heller ikkje lettare av at Joker-butikken på Kvanne stenger dørene for godt på grunn av konkurs. Mangel på nærbutikk er ei stor ulempe for dei som bur i omsorgsbustader. Situasjonen er ein heilt annan ved ein aldersheim med kjøkken og døgnbetjening. Da ser eg det som rettare at det blir bygd tidsmessige omsorgsbustader på Skei.
Framskrivingstala frå SSB viser klårt at auken på eldre over 80 år i Surnadal vil auke betydeleg meir enn for landsgjennomsnittet. Dette er forhold vi bør vi ta på høgste alvor. Det er i denne samanhengen verdt å merke seg at mellom dei eldste eldre vil det vere fleire som blir demente. Mange av desse kan ikkje bu i eigne husvære. Dette er og eit forhold ein må tenkje grundig over før ein går til det steget å redusere talet på sjukeheimsplassar i kommunen. Det er elles grunn til å merke seg at både pensjonistlaget og eldrerådet i kommunen tidlegare i klåre ordelag har gitt uttrykk for at dei er mot ytterlegare nedlegging av sjukeheimsplassar. Eg deler dette synet.
Johs. J. Vaag