Kommunebudsjett for Surnadal og dei eldre
Arbeidet med Surnadal kommune sitt budsjett for året 2018 er kome i gang. I dagane 25.-26. september var det budsjettkonferanse i Surnadal. Vi folkevalde som deltok fekk innføring i korleis stoda var og fekk vete kor mykje som må «strammast inn». Eit budsjett i balanse må kommunen ha, og det blir det nok også denne gongen.
Det er nedsett ei nemnd som arbeider med utfordringane rundt framtidig bruk av bygningsmassen til nedlagde Stangvik aldersheim. Det vil i løpet av hausten kome ei sak om dette. Mitt syn er at det ikkje bør byggast omsorgsbustader i Stangvika. Staden har ikkje nærbutikk. Dette er ei stor ulempe for dei som bur i omsorgsbustader. Situasjonen er ein heilt annan ved ein aldersheim med kjøkken og døgnbetjening. Da ser eg det som rettare at det blir bygd tidsmessige omsorgsbustader på Skei. Det er mykje som tyder på at det rettaste no vil vere å legge ut Stangvik aldersheim for sal.
Surnadal kommune har i løpet av kort tid lagt ned heile 20 institusjonsplassar. 15 av desse skriv seg frå nedlegginga av Stangvik aldersheim. Pensjonistlaget og eldrerådet i Surnadal var mot desse nedleggingane. Ytterlegare nedlegging av sjukeheimsplassar bør på ingen måte skje all den tid framskrivingstal frå Statistisk Sentralbyrå klårt viser at Surnadal kommune frå 2019 og fram til 2030 vil få ein sterk auke i talet på innbyggjarar over 80 år. Vidare er det slik at mellom dei eldste eldre vil det vere fleire som blir demente. Mange av desse kan ikkje bu i eigne husvære. Dette er også noko ein må ta omsyn til når det gjeld planlegging av tenester og tiltak for dei eldste eldre mellom oss.
Dei pleie- og omsorgstrengande som bur heime får ofte hjelp av sine næraste pårørande. Desse utfører eit viktig arbeid. Budsjettposten omsorgslønn er ofte i minste laget. Dette er tilhøve ein må ta omsyn til i budsjettarbeidet.
Johs. J. Vaag