LIVE frå kommunestyret i Surnadal
Kommune-TV
Frå og med i morgon onsdag 8. mai 2013, vil du kunne følgje med på kommunestyremøta i Surnadal frå di eiga stue eller arbeidsplass! Alle kommunestyremøte vil no framover bli sendt på internett. Sendinga vil foregå i Svorkasalen på kulturhuset, som no har vorte oppgradert til dette formål.
Det er satt opp to kamera, eit mot ordførar og talarstol, og eit mot salen. I tillegg vil det vere mogleg å sjå det som blir vist på projector/lerret. Med andre ord tre kameravinklar som sluttbrukaren sjølv kan velje mellom. Her kan du no følgje med på møta direkte eller sjå opptak i etterkant, alt i frå ei og same nettside. Dette fungerar både frå pc, nettbrett og mobiltelefonar! NB! Sendinga vil starte kl 09:00! Det skriv Surnadal kommune på si heimeside.
Her finn du møteinnkallinga og saklista for møtet onsdag 8. mai.