Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon nærmer seg
KN-samling i Surnadal
I forkant av årets fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp samlast konfirmantar, foreldre og sokneråd fredag til inspirasjonskveld på Surnadal vidaregåande skule.
Her deltek mellom andre to unge representantar for KN si ungdomsavdeling Changemaker, Winnie Atenio frå Kenya og norske Ingrid Holmedahl. Dei vil gi levande informasjon om praktiske resultat av innsatsen Kirkens Nødhjelp står for.
Kunnskap om kva aksjonsmidlane går til, er ein stor motivasjonsfaktor når konfirmantar landet rundt tek fatt på si store tenesteoppgåve for Kirkens Nødhjelp.
Sokneråda sørgjer for servering på informasjonskvelden i Surnadal fredag.
KN-aksjonen er solidaritetshandling for betre livsvilkår verda rundt.
Bjarne Madaus og dei andre Stangvik-konfirmantane er klare til tysdagens fasteaksjon. Her (t.v.) knipsa under lysmessa i desember.