Klinge fekk målprisen
Stortingsrepresentant Jenny Klinge fekk laurdag utdelt det synlege beviset på at ho er tildelt målprisen frå Nordmøre Mållag 2013. Det var leiar i mållaget, Trond Skogseth, som delte ut prisen under 8.mars arrangementet på Surnadal Kulturhus.
- Det er viktig å ha gode rollemodellar, og Jenny er eit godt eksempel på ei kvinne i ei leiiande stilling, som aktivt nyttar dialekta si. Vi sett så stor pris på dette, at vi ønskjer å gi deg målprisen for arbeidet du gjer for å fremme nynorsk og dialekta di. Vi håpar dette er til motivasjon og inspirasjon for mange, sier Skogseth.
Klinge fekk ein diplom, og eit fat som er måla av Sigrun Hersehagen i Halsa.