TrPo Orgel e Ranes Galleri

Klingande jubileum

Eit kulturjubileum blir feira med konsert i Ranes kyrkje 6. juledag. Denne jula er det nemleg 100 år sia Surnadal tok i bruk det som no er det eldste orgelet på Nordmøre.

Tekst/foto: Bernt G. Bøe

Ranes-orgelet – firma Olsen & Jørgensens Opus 427 frå 1914 - vart i fjor restaurert og ført tilbake til sin opprinnelege status. Konserten med dette klenodiet gjer det også naturleg å nemne litt lokal orgelhistorie.

 

Orgelet med «Offerstjernen»

Christiansunds Kirke var den første hos oss som fekk instrument. I 1766 gav forretningsmann Jens Kaasbøl kyrkja si eit lite, hollandsk orgel med 8 stemmer (piperekkjer). Attåt pipene hadde det ei såkalla Zimbelstern, ei «stjerne» som gjekk rundt og laga bjelleklang. Det heiter at ein organist alltid bruka denne når offerpengane klang i skåla, så folk tala om «orgelet med offerstjernen».

Men i enno halvanna hundreår var det klokkaren («kirkesangeren») som leia songen i kyrkja – utan instrument. Det vart sjeldan sunge «noterett» og ikkje alltid like samstemt. Men flinke klokkarar har mykje av æra for dei fint utforma «folketonane» vi kan glede oss over i dag.

 

«at Kirken ikke taalte et saa stærkt Brus»

Presten Buschmann i Aure fekk rundt 1830 bygd seg eit privat husorgel og bruka dette til å øve inn meir «korrekt» samlesong. “Og uagtet en Del gamle Skrighalse lykkedes han meget bra”, skriv klokkar John Mogstad (opprinneleg surnadaling) om dette i sine «Livserindringer». Aure-presten vart oppmuntra og skaffa så eit noko større orgel, som han ville sette inn i kyrkja. «Men Tilbudet modtoges ikke, da man ikke vilde lønne Organist, og tillige befrygtedes at Kirken ikke taalte et saa stærkt Brus», skriv Mogstad. (Somme har meint at desse var «trø-orgel», men såkalla harmonium  var ikkje på vanleg marked så tidleg - og laga jo heller ikkje slikt «brus». Det må altså ha vore pipeorgel.)

 

Stangvik-orgel i 1910

I 1910 gav «gullkongen» i Stangvika, Fredrik Bruseth, orgel til kyrkja si. Dette var stort etter si tid (17 stemmer) og var bygd av Kristiania-firmaet Olsen & Jørgensen med den tids «pneumatiske» teknikk – altså at lufttrykk skuvar opp pipeventilen når tangenten blir trykt ned. Hovudstadsorganisten Velle Vellesen heldt opningskonsert for full kyrkje – bortimot 600 menneske. Dette var noko nytt – ei storhending i ei nordmørsbygd.

Lærar Kristoffer Johansen var første organisten i Stangvik. Bruseth-orgelet vart i 1980 utskifta med eit 19 stemmers danskbygd instrument. (Etter vel 30 år i Trondheim kom gammelpipene i fjor tilbake og er no lagra i Stangvik-kyrkja.)

I Rindalen vart det skaffa instrument til kyrkja i 1894, men så vidt ein veit, må det ha vore eit «trø-orgel».

 

«Gjennem orgeltoners brus» i Surnadal

Vårt første kjente dokument om at surnadalingane ønska seg kyrkjeorgel, var eit friskt innlegg lærar Olav Krogh skreiv i bladet «Surnadølen» i 1901. Her er det den gamle og den nye tid som  blir sett opp mot kvarandre:

- Et meget drygt arbeide maa sikkerlig den mand ha, som skal anføre og lede sangen i takt som i toner i de kirker, hvor intet instrument hjelper til dermed. Det undrer mig ikke, om han blev baade hæs og sved, lenge før sidste vers var ude.  Og et meget vanskeligt arbeide tillige, særlig hvis en vil forsøge at borttage alle snirkler og kruseduller, som gamle folk som oftest har for vane at udstaffere sine sange med.

                  Dette arbeide kunde lettes i høj grad, for ikke at sige ophæves helt, om man anskaffede sig et orgel til kirken. Kirkesangen vilde desuden bli kraftigere, klarere og fagrere, naar den bares frem gjennem orgeltoners brus. De stærke toner fra orgelet vilde tage i, saa de overdøvede og skar af de unødvendige atpaaslæng, medens en mandsstemme kan kvæles af mængden, selv om den er meget kraftig.

                  Jeg mener derfor at et orgel vilde være en meget priselig ting ogsaa for vor bygds kirker, selv om jeg ikke noksom kan rose vor kirkesangers dyktighed som leder.

                  Om vi kunde gjøre et forsøg i Ranes kirke for eksempel. Orgelets kostende var vel overkommelig naar vi “løfted i flok”, og i en saa liden kirke kunde man klare sig med et forholdsvis lidet.  Og organist maatte det vel bli en raad med, jeg kan ikke tænke mig andet.

                  Og saa fik man der lidt erfaring for, hvordan det tog sig ud i kirken. Fandt man det fordelagtigt ved Ranes, kunde man senere tænke paa de andre kirker. I modsat tilfælde, kunde instrumentet gives til en skole som enkelte steder er gjort, eller paa anden maade anbringes.

 

«Kirkeorgelet tages ibrug»

Ein har ikkje funne så mykje skriftleg om den 13 år lange prosessen før lærar Krogh fekk ønsket oppfylt og orgelet var på plass. Men like før jul i 1914 kunne den unge Kristiansunds-organsten Edvard Bræin prøvespela instrumentet. I kyrkjedagboka står det på fredag 11. desember: - Kirketilsynsmøde Ranes kirke hvor det nye orgel prøvedes av organ. Breien, Kr. sund. Truleg var dette også «godkjenninga» av orgelet.

Olsen & Jørgensen-orgelet hadde pipene fordelt på to «verk» med kvart sitt manual (tangentrekkje) og pedalar.  Hovudverket (Manual I) hadde fire piperekkjer: Principal 8’ (fot) – Gamba 8’ – Hohlfløite 8’ og Gemshorn 4’. Manual II: Salicional («Seljefløyte») 8’ – Gedackt 8’ – Eoline («Vindfløyte») 4’. Pedalen hadde det vanlege registeret Subbass 16’. («Fot» gjeld lengda på djupaste C-pipa i rekkja.)

På 26. desember (andre juledag) 1914 skriv kyrkjedagboka: - Kirkeorgelet tages ibrug 1.st. gang . Efter gudstj. Kirkekonsert  til indtegt for orgelet. Så vidt eg veit, var Svend Øye første organisten, og det var vel han som spela både til denne gudstenesta og under konserten etterpå.

Det første dåpsbarnet som høyrde dei nye, vakre tonane av Gamba og Salicional, var den seinare bil-seljaren på Sunndalsøra, Nils Polden – «av foreldre Kristian Olsen Polden og hustru Gyda Nilsdatter, f. Sandblåst». Familien var frå Bjønnøya på Honnstad.

 

Ombygging og tilbakeføring

I 1971 vart Ranes-orgelet ombygd. Pipene i manual II fekk svelldører framfor seg, slik at styrkegraden kunne regulerast med ein fotpedal. Salicional og Eoline vart utskifta med stemmer som klang «dobbelt så lyst» - Rørfløyte 4’ og Blockfløyte 2’. I manual I vart Gamba 8’ utbytta med det overtonerike og skarpare registeret Mixtur.

Men dei utskifta pipene vart lagra på loftet. Og i 2013 tok den unge orgelbyggjaren Espen Selbæk fatt på restaureringa – som bestod i å ta bort endringane frå 1971, hente fram og pusse opp att gamle piper og få orgelet tilbake til sin opprinnelege stand. Av Stein Johannes Kolnes, kjend «eksaminator» i norske orgelsaker, fekk han strålande attest for arbeidet: - Espen Selbæk har med dette arbeidet markert seg som ein svært kompetent restaurator av pneumatiske orgel. Eg gratulerer både Selbæk og Ranes kyrkjelyd med eit godt resultat, og ønsker lykke til med instrumentet i framtida!

21. september i fjor vart orgelet teke i bruk att. Dermed har surnadalingar og alle andre no høve til å høre ein ekte og livskraftig hundreåring synge med si opprinnelege røyst. Det er vel verdt ein eigen julekonsert!

 

TrPo Orgel a Ranes Prospektet.jpg

Orgelprospektet har alltid vore det same.

 

TrPo Orgel b Zimbelstern.jpg

Første orgelet i Kristiansund (1766) hadde «Zimbelstern», som dette tyske frå same tid.

 

TrPo Orgel c Stv 1910 Randulf Skjærseth.jpg

Orgelhuset frå 1910 har stått i tårnet i Stangvik kyrkje sia 1980. I fjor kom instrumentmakar Randulf Skjærseth (biletet) tilbake med alle pipene. Eit nytt restaureringsobjekt?

 

TrPo Orgel d Ranes Sigrid VB 230504.jpg

14-årige Sigrid Bøe ved spelepulten i Ranes i 2004. Den ser like eins ut i dag som i 1914.

 

TrPo Orgel e Ranes Galleri.jpg

 

TrPo Orgel f Ranes.jpg

 

Orgelreparasjon.jpg

Orgelreparasjon i 2013.

 

Oddveig Helset Halle_715x475.jpg

Organist Oddveig H. Halle.