Klingande advent Stv 2013 ØV_1024x641

Klingande advent

- Når orda ikkje rekk lenger, ber musikken oss vidare! Det kloke sitatet seier noko om god musikk – slik som Handels fantastiske Messias-tonar vi opplevde siste helga. Det skriv Bernt Bøe i ei personleg ytring om musikalsk adventstid til Trollheimsportens lesarar.

Da fekk hundrevis gripande innsyn i kva den komande julehøgtida betyr. Dyktige utøvarar i Stangvik og Kristiansund formidla ein essensiell tekst - med musikalske refleksjonar. Komponistens nyanserte tolkingar av Bibelen fekk liv, kraft og skjønnhet. Trøst til dei nedtyngde. Forventningar til barnet i krybba. Blomstene som kan vekse i såra. Oppgjer og endeleg seier.

I dagane som kjem syng vi julebodskapen vidare –  i ulike utformingar. Sjøl har eg i over 40 år hatt gleda av å delta i formidlinga av noko varmt og verdifullt skapt gjennom tallause slektsledd.  Tillat meg difor å ytre personlege tankar om musikalsk adventstid.

Fredag får eg spela saman med ei syngande forsamling i Åsskard . Laurdag skal Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor formidle julehymner i Todalen kyrkje.

Der kjem juleevangeliet i form av kantaten «I denne søte juletid». Som eit «Messias» i miniformat tek den oss inn i det som skal koma, vi opplever den lydige mor Maria, er hos gjetarane på Betlehems marker og jublar over konsekvensane av det Jesusbarnet og høgtida ber med seg. Kantaten er i seg sjøl ein koreografert liten «kyrkje-opera» som her får ei enkel scenisk utforming.

Søndag er Stangvik kyrkje pynta som stilisert julelandskap – når Sigrid Bøe og musikkvenner frå Trondheim gir oss klassikarar som «O helga natt», Stangviks vidunderlege «Julverset» og andre perler. Også her vil solistane og kora frå Todalen og Åsskard ta Dagsviks tonande juleevangelium inn i rommet – som skal «Blomstre som en rosengård» i bokstaveleg forstand. Det skjer med songarar, strykarar, obo, fløyte og orgel.

Og i dagane etter er kor og korps i Surnadal – og mange andre stader - i sving med andre jule- og adventstonar.

Det er store ting og ei herleg høgtid det handlar om. Difor er det slik ei glede for songarar, musikarar og med-syngande publikum å få feire musikalsk advent.  Ta det med deg!

Bernt Gudrunson Bøe

Bildet er teke under øvinga til "Messias" sist helg.

Klingande advent Stv 2013 ØV_1024x641.jpg