Kleivaprisen til Jon Arne Mogstad
Kleivaprisen 2019 går til kunstnar Jon Arne Mogstad. I juryens grunngjeving står det mellom anna at Kleivaprisvinnaren har lagt til rette for at stadig nye kunstarar har fått utnytte sitt eige potensiale. Utdelinga skjedde i samband med Kleivakvelden laurdag kveld.
På bildet ser vi Jon Arne Mogstad saman med ordførar Lilly Gunn Nyheim og prisutdelar Tove Lise Torve.
Juryens grunngjeving:
Årets Kleivaprisvinnnar reiste tidleg ut frå Surnadal, for å studere sitt fagfelt. Frå 80-talet har vedkommande vore aktiv både nasjonalt og internasjonalt. Parallelt med sitt eige kunstnarlege virke, har årets Kleivaprisvinnnar lagt til rette for at stadig nye kunstarar har fått utnytte sitt eige potensiale.
Som de sikkert forstår går årets Kleivapris til eit anna kunstnarleg uttrykk enn ved tidlegare utdelingar. For første gong går Kleivaprisen til ein utøvar av kulturutrykket vi på folkemunne kallar kunst eller bildekunst.
Kleivaprisvinnaren arbeider ofte i store format og har mellom anna hatt utsmykkinga av vårt eige kulturhus, og han har gjort andre monumentale utsmykkingsarbeid rundt om i Norge.
Det blir hevda at årets prisvinnar har ei leikande og eksperimentell haldning til maleriet, og ar han skal ha ein stor del av æra for at maleri ikkje forsvann som uttrykksform, da de digitale media dukka opp på 90-talet. Han var med på å gi rom for at dei nye kunstnarane kunne utforske og kombinere fleire uttrykk .
I tillegg til å vere ein sterk og allsidig kunstar har han gode pedagogiske evner, og slik han tidlegare la til rette for ei blanding av fagområdar har han dei siste åra, saman med andre, fysisk lagt til rette for at kunstnarar kan kome til Surnadal og Surnadal Billag, for inspirasjon og utøving av sin kunst.
Årets Kleivaprisvinnnar har i fleire år arbeidd som proffessor i Bergen og Trondheim, der han no er proffessor emeritus.
Dette var den 21. Kleivaprisutdelinga. I statuttane for Kleivafondet heiter det at ”Formålet med fondet er å fremja kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen, unnateke fotball og stjerneidrett.
Trollheimsporten kjem tilbake med meir om Kleivakvelden 2019.