Vårsøghelga 2020:
Kleivakveld, tradisjonell og digital
Laurdag kveld gikk Kleivakvelden 2020 på lufta! I tradisjonell stil får vi oppleve ein Kleivakveld som festforestilling i vår eiga stove. Her finn du link til innspelinga.
Kleivakvelden 2020
Kleivakvelden 2020 markerer eit dobbelt jubileum: Dette er Vårsøghelga sitt 25-årsjubileum og diktet Vårsøg er 75 år! Dette får vi fullverdig markert med denne digitale festkvelden.
Med tospannet Henning Sommerro og John Pål Inderberg i leiinga!
I tillegg til tospannet som er nemnt ovafor møter vi Karianna Sommerro, Svein Sæter, Kulturskulens dansekompani, Pernille Torvik, Brage K Einum, Jo I Nes, Nils Arne Eggen og Live Krangnes Edvardsen.
Trollheimsporten var tilstades på innspelinga av Kleivakvelden 2020. Du kan lese omtalen av programmet her.
I tillegg til den innspela Kleivakvelden 2020 får vi i nettsendinga helsingar frå bl.a. Nils Arne Eggen og eit opptak med Henning Sommerro og Svein Sæter gjort i Oppigard på Skei, der dei snakkar om Hyldbakk si dikting, melodien til Vårsøg og den årlege diktmønstringa for skuleelevane under Vårsøghelga.
Her kan du oppleve festforestillinga Kleivakvelden 2020:
Linken til denne festforestillinga vil ligge på YouTube framover, slik at du kan sjå den seinare også.
Det vert også høve til å støtte barne og ungdomsarbeidet i Surnadal kommune, ved å gi pengar via Vippsnr 107843.