Fasteaksjon KN-kontaktar

Klart for fasteaksjon

Tysdag 27. mars går konfirmantar over heile landet dør-til-dør med fastebøssa for Kirkens Nødhjelp. Slik også på Nordmøre. Ta vel imot bøsseberaran! I fjor samla konfirmantar og andre frivillige i Rindal og Surnadal inn rundt 100.000 kroner under fasteaksjonen. Meir her på kirken.no - med i Trollheimsporten - bli medalle!

Tysdag 27. mars går konfirmantar over heile landet dør-til-dør med fastebøssa for Kirkens Nødhjelp. Slik også på Nordmøre.

- Det er ikkje rettferdig at over ein milliard menneske lever i ekstrem fattigdom, seier biskop i Møre, Ingeborg Midttømme. - Saman kan vi kjempe for ei framtid utan fattigdom. Det handler om rettferd!

Sokneråda sine KN-kontaktar i Rindal, Stangvik og Surnadal møttest nyleg til planlegging av årets lokale aksjon.

Sentralt i år står kampen for økonomisk rettferd i Guatemala og Tanzania. Men midlane brukast også der det oppstår katastrofer og bruk for hjelp straks. Akkurat no er såleis Vest-Afrika truga av hungersnaud.

- Ta vel imot bøsseberarane, seier diakon Kirsti Hjørnevik i Surnadal. - Ved å gje di gåve er du med på eit krafttak for dei som lid under fattigdom, urettferd eller katastrofer. Du kan redde liv!

KN-kontaktane har elles følgjande råd til publikum: - Skaff deg kontantar, slik at du har pengar til bøssa!

I fjor samla konfirmantar og andre frivillige i Rindal og Surnadal inn rundt 100.000 kroner under fasteaksjonen.

Fredag 23. mars møtest konfirmantar, foreldre og sokneråd til inspirasjonskveld på Surnadal vidaregåande skule. Her vil to unge, kenyanske Winnie Atenio og norske Ingrid Holmedahl, gi levande informasjon frå område som ser resultat av innsatsen våre konfirmantar og andre gjer via Kirkens Nødhjelp.

- Fastetida i kyrkja utfordrar oss til å omsette tankar og ord til faktisk handling. Den norske kyrkja har hatt kampen for økonomisk rettferd på dagsorden i mange år, og vi er utfordra av det internasjonale kyrkjefellesskapet til å arbeide med dette, seier biskop Midttømme i sin kommentar til aksjonen.


KN-kontaktane har opplegget klart. Frå venstre Signe Grønmyr (Todalen), Marit Fiske Nes (Ranes/Øye), Ola Røe (Stangvik), Bernt G. Bøe (Åsskard), Kirsti Hjørnevik (diakon og samordnar), Erik Moen (Mo) og Kjellaug Foseide (Rindal).

Foto over: Biskop Ingeborg Midttømme oppfordrar til kamp mot fattigdom og urettferd. (Foto: Anita Grønland)