Klart for Bøfjord-helg

Samhandling er idealet når bøfjordingane er klare for årets Bøfjord-helg. Frå fredag til søndag skjer det mykje i bygda. Eit variert program byd på noko for dei fleste, lovar årets hovudarrangør Bøfjorden Historielag.

BøfjHelg a IL Gunnvald Gunnvor.jpg
Inger Lise Heggem (Åsskard Bygdekvinnelag, t.v.), Gunnvald Bøe (Historielaget) og Gunnvor Bøe (Bø Grendalag) lovar litteratur-stand, uteaktiviteter, tekstilutstiling og mykje meir på Bøfjordhelga.
 

Fredag startar helga på Kveldheim  kl. 18 – der Bø Grendalag byr på hobbymesse, kunstutilling, mat og utlodning. Kl. 19 vil mange stikke oppom Leikarvollen, der ein av årets få seniorkampar i fotball går av stabelen. Heimelaget møter Todalen til fredeleg lokalderby. Og etter kampen kan ein jo stikke innom Kveldheim igjen.

BøfjHelg b Oddrun.jpg
Oddrun Gjengstø stiller ut mykje fint frå korga si på Kveldheim fredag.


Gratis frukost og fyldig program

Laurdagen opnar med gratis frukost for alle i den nyopna kafeteriaen på Bøfjorden Coop Marked.

 - Eit spenningsmoment her er kunngjeringa av namnet på kafeen og kven som har vunne namnekonkurransen, seier leiar May Iren Dønheim Hovde på samvirkelaget.

BøfjHelg c Kafeen Automat IL Mayse GBB.jpg
Prøvekjøring av automaten i den nye kafeteriaen på «samvirkelaget». – Hit blir det triveleg å koma, seier Inger Lise Heggem (t.v.). Det same trur May Iren Dønheim Hovde og Gunhild Bøklep Bøe.
 

Ved middagstid startar fyldig program i og attmed Bøfjorden Grendahus. Her sel Åsskard Bygdekvinnelag middag og kaffe utover dagen. Dei viser også ei flott utstilling av strikka kofter og genserar.


Gamle kjørety – og moderne skotthyll

Fjorårets suksess med utstilling av veterankjørety blir følgd opp. Arrangøren oppfordrar alle med gamle bilar, syklar og traktorar til å dele sine klenodier med publikum.

 Som bonus får du etterpå eit flott biletkåseri der nettopp gamle bilar er tema, fortel historielaget, som har fått Lars Jostein Bævre og Magnar Sigbjørn Holten til å stå for dette.

BøfjHelg d Veteranbilar Foto frå 2016.jpg
Eit par veteranbilar på fjorårets utstilling.
 

Særleg interesse knyter seg til lynkurs og konkurranse i skotthyllkasting. Tidlegare  juniornorgesmester Jon Håvard Hansen er instruktør.

– Og vi har skaffa «profft» utstyr, så dette kan bli litt av ei oppleving! trur arrangøren.  

Det blir også konkurranse i ballkast etter skotthylltevlinga.

Bøfjhelg e Skotthyll.jpg
Eineståande sjanse til «skikkeleg» skotthyllkasting. Og instruktør har vore i landseliten.


Basar og stands

Dagens basarbord skaffar intekt til kyrkjebåten «Hjelmkonnå» og det nybygde kyrkjebåtnaustet.

Historielaget lovar rikhaldig utstilling av lokale bøker og skrifter – dels til «beskuelse», dels til salgs.

- Elles har vi no laga nye veggplansjar over lokalhistoriske emne som «Slofarten», «Korsongen», «Damprutebåtane» og «Sandfraktinga» - alle med flotte gamle bilete i stort format!

Skulle nokon ha lyst til å danne «stand» med sine produkt denne laurdage, let det seg ordne om ein kontaktar arrangørane.


Musikk, humor og bilnostalgi

Laurdagen bli avrunda med kulturprogram i grendahuset. Her slår Larsens Kvartett an tonen. Det blir allsong og mykje lokal humor – mellom anna Svorka-skrøner, Rindals-stubbar og samsalt stoff frå sjølivet. Biletserien med gamle bilar er eit høgdepunkt i kulturstunda før dagen blir avrunda med premieutdeling og basartrekning.

BøfjHelg f Larsens RED.jpg
Larsens Kvartett er still going strong. Frå venstre Bjarte With Aasgård, Johannes Holten, Erik Moen og maestro Trond Larsen.


Krigshistorie på museet

Tredje raptus i kulturhelga er søndagens treff på Bøfjorden Sjøbruksmuseum. 

– Dette er ope frå kl. 13 med kaffe, utstillingar og sosial atmosfære rundt borda, seier arrangøren.

Som Dagens Tema klokka 15 viser Helge Husby bilete og fortel frå boka si om «Slaget i Gratangsbotn – april 1940». Der fall fleire nordmøringar, mellom dei Hallvard Røen frå Kvanne og bøfjordingen Gunnar P. Bøe.

– Nokre lokale krigsminne-gjenstandar blir også presenterte under programmet, og vi reknar med at dette temaet vil samle mange også frå andre bygder på Nordmøre, avsluttar Bøfjorden Historielag.

BøfjHelg g Hefte Bok Kniv.jpg
Krigshistorie blir henta frå Helge Husby si bok og suppert med små lokale bidrag – m.a. dramaet knytt til faldekniven du ser her.

BøfjHelg h  Helge Husby.jpg
Felespelar  («hørkelgaidd») og kulturmann Helge Husby har eit gripande program på sjøbruksmuseet søndag.

Annonse:

BøfjHelg 2017 Plakat.jpg

 

 


Innsendt av Bert G Bøe