Dalahaugen frå Todalen no

Randoneerenn i Todalen i helga

Klare for storliv rundt Dalahaugen

På laurdag var dugnadsgjengen som har tatt på seg oppdraget med å lage storliv rundt Dalahaugen under kommande helgs randoneerenn på «stadion» for å forberede alskens aktiviteter for gammal og ung.

Og aktivitet blir det i massevis, kan dugnadssjef Ragnar Halle fortelje. Under laurdagens dugnadsøkt vart det blant anna laga to hoppar, slalomløype og to ulike trassear for minirandonee.

For ikkje å komme i vegen for hovedrennet som har fellesstart klokka 12 oppfordrar arrangørane at publikum og deltakarar til Dalahaugen Open dukkar opp til ca 11.30. Da får ein parkert bilen og rekk å få med seg spurten opp frå målområdet av norgescuprennet, før Dalahaugen Open blir igangsett når startområdet blir ledig igjen, fortel Ragnar.

- I målområdet vil det bli kiosksalg med både kaffe, bakels og pølser med brød. Ta gjerne med sitjeunderlag så skal vi lage fine benkar rundt om i løypa, oppfordrar Ragnar, som håper at både bygdefolket og andre tek turen opp til Kårvatn laurdag.

- Til og med vêret blir perfekt, lovar han! 


Les heile saka på Todalen.no


Tekst og bilde er henta frå Todalen.no

Todalen IL er medlem av Trollheimsporten