
Klare for bedriftscup laurdag
Førstkomande laurdag går Gjensidige Bedriftscup av stabelen på Syltøran, og Surnadal kommune stiller med et stjernespekka lag. Torsdag kveld trena laget på Øye stadion, og sjølv om nokre av stjernene har byrja falme litt og teknikken ikkje sit riktig slik som den ein gong gjorde, så kunne ein sjå dragningar og overstegsfintar som tydar på at motstandarane skal få noko å bryne seg på.
Vi oppfordrar suportarar til å møte opp på laurdag å heie på laget sitt. Første kampen til kommune-laget startar på Syltøran klokka 11.50.
Surnadal kommune stiller med følgjande lag: Olav Kåre Fiske, Ingvild Bye Fugelsøy, Sissel Lysø, Kenneth Bergstad, Håvard Halset, Tore Gjul, Lars Sæther, Håvard Stensønes, Ola Ragnar Gjøra, Erik Mogstad og lagkaptein Mons Otnes.
Sjå kampoppsettet her: Kampoppsett - og puljene her: Puljer