Knut Haugen og Mons Otnes

Klar for folkefest

Klokka 14.30 den 22. mai stig Kongeparet med følge i land i småbåthamna i Surnadal. Tidsskjemaet for Kongebesøket denne dagen er stramt og detaljert. - Alt er "tima" og tilrettelagt, seier ordførar Mons Otnes.

Ordføraren oppmodar folk om å møte opp kl.13.30 og forberede seg på feststunda i lag med Henning Sommerro og John Pål Inderberg. Det er også viktig at folk førebur seg på andre parkeringsstader og anna trafikkmønster. Opplysningar om dette finn du på Surnadal kommune si heimeside.

Det er sjølvsagt at alle heiser flagget og gjerne tek med seg småflagg denne dagen. Folk langs fjorden og langs ruta til kortesjen frå småbåthavna til Skei må også vise seg frå festsida, så ikkje gjøm 17.mai-stasen!

Kommuneleiinga i Surnadal presenterte i dag programmet for "Vårens Vakraste Eventyr" i Vårsøgbygda Surnadal: H.M. Kong Harald og H.M. Dronning Sonja avsluttar Nordmørsturen sin her.

I dét Kongeparet kjem til småbåthamna i Surnadal, vil Surnadal skolekorps spele «Det går eit festtog gjennom landet». Kongeparet vil gå til kortesjen og kjøre til Skei via Ørabrua. Kortesjen stoppar i krysset ved Essostasjonen/Surnadal kulturhus. Her vil dei bli møtt av blomsterbarna Hanna Aasbø frå Bøfjord og Bæverfjord oppvekstsenter og Henrik Kvande frå Øye skole. 

Vidare vil Kongeparet få ei kort vandring gjennom folkemengda til plassen framom kulturhuset. Under vandringa vil dei helse på Olina Halle, Ragnhild Mikkelsen og Grete Sæterøy, - og kanskje andre.

Felespelaren Torgeir Leivdal i lag med kulturskoleelevar spelar Kongeparet fram til Kongepodiet som blir til høgre for kulturhuset.

Før velkomsthelsinga ved ordførar Mons Otnes, leder Henning Sommerro "Give-me-5"-koret, andre korsongarar og publikum i allsongen "Sola e komma" av Hans Hyldbakk.

Ordføraren er overbevist om at programmet, som er i hendene til Henning Sommerro og skapsurndalingen John Pål Inderberg, vil gjere uutsletteleg inntrykk på Kongeparet.

Kulturprogrammet vil i kjappe vekslingar bestå av Fanfare ved John Pål Inderberg og «Give-me-5»-koret, Solosong ved Sigrid Vetleseter Bøe akkompagnert av Hedda Hansen Berg, musikalsk Taekwondo-oppvisning med Surnadal Taekwondo, John Pål og Henning.

Mari Fiske, Martin Einum, John Pål og Henning følgjer så på med beatboxing, digderidoo og saksofon, - og kanskje dikt av John Pål?

Denne delen av forestillinga blir avslutta med musikalsk samspel mellom fiolinisten Anders Larsen og elevar frå Kulturskulen på Indre Nordmøre.

Så er det H.M. Kong Haralds tur, laksekongen skal avduke statua «Ved elva» av Ole Mauset. Svein Sæter held avdukingstalen.

Talen er det H.M. Dronning Sonja som tek seg av. Ordførar Mons Otnes trur at talen til Dronninga blir høgdepunktet i grunnlovsmarkeringa i Surnadal.

Kulturprogrammet blir avslutta med at Henning Sommerro og John Pål Inderberg leder alle dei frammøtte i allsongen «Vårsøg».

Etter eit kort pressemøte går Kongeparet tilbake til bilkortesjen som kjører ned til småbåthamna, og Kongeparet går ombord i sjaluppen og forlater Surnadal.

 

Heile programmet for kongebesøket, og for 17. maifeiringa, kan du laste ned frå heimesidene til Surnadal kommune.