Klagesak Fiske/Fiskja er reist
3 grunneigarar og Surnadal kommune har klaga på vedtaket om skrivemåten Fiskja for gardsnamnet til gardsnummer 6 i Surnadal kommune. Dei vil heller ha skrivemåten Fiske. Gardsnamnet er nytta som bruksnamn for bruksnummer 1, 2, 3 og 4.
Ifølgje sakshandsamingsreglane i stadnamnlova skal saka på ny høyringsrunde i kommunen før Kartverket kan sjå på ho på nytt. Dersom klagarane ikkje får medhald, vert saka send til ei særskild klagenemnd til endeleg avgjerd.
Det er Statens kartverk som har vedtaksrett for skrivemåten av nedarva gards- og bruksnamn. Før det blir gjort vedtak, har kommunen rett til å uttale seg. Eigarar og festarar har rett til å uttale seg om skrivemåten av gardsnamn/bruksnamn, og lokale organisasjonar om namn som dei har særleg tilknyting til.
Tidlegare uttalar ligg allereie i saka.
Sendt høyringssvar til Surnadal kommune ved kultureininga, høyringsfrist er sett til 15.august.