Kultureininga i Surnadal kommune melder:
Klagebehandling namnesak Øvstbøen
Kartverket vedtok «Øvstbøen» som gardsnamn. No kan partane i saka klage på dette vedtaket.
Det vart kunngjort ny behandling av gardsnamnet Østbøen/Øvstbøen i haust. Alle partar, som ein kjenner til, sendte inn uttale i saka og samtlege gjekk inn for at namnet skulle skrivast utan –v. Partane var grunneigarar med gards- eller bruksnamn der «Østbø», heilt eller delvis, går inn som namn på eigedomen – i tillegg var Eidet Vel og Surnadal kommune part i saka.
Eidet Vel hadde arbeidd fram ein dokumentasjon og argumentasjon for val av Østbø som namn, som fleire av partane viste til.
Surnadal kommune fekk før jul melding frå Kartverket om at dei har vedteke Øvstbøen som gardsnamn i namnesak 2018/333. Konsekvensane av dette er at andre offisielle namn som er avleia av dette også skal skrivast med –v, som Øvstbødalen og Øvstbødalsvegen. Det same gjeld i utgangspunktet også bruk under gardsnr. 47 med «Østbø» i seg, men her kan det vere muleg for nokre sjølv å få påverke namn på eige bruk (jf. § 3 og 8 i lov om stadnamn).
Alle som hadde uttalerett har også klagerett på dette vedtaket, og alle som har kome med uttale skal ha fått sendt eige brev om saka.
Ei ev. klage må grunngjevast. Klagefristen er tre veker fram i tid, og ein reknar med at alle som vil klage har nytta seg av denne retten seinast onsdag 30. januar. Klaga skal sendast til post@kartverket.no, med gjenpart til post@surnadal.kommune.no (eller via vanleg post til kartverket og kommune).
Gå inn på nettsida surnadal.kommune.no/kunngjering-hoyring/ for å finne meir informasjon om kven som har klagerett, kva ein kan klage på m.m.