Surnadal kommunevåpen

Surnadal kommune melder:

Klagebehandling, Blåfjellet

Kartverket har gjort vedtak om at fjellet som ligg mellom Bøfjorden og Halsa skal heite Blåfjellet. Kommune, fylkeskommune, stat og selskap eigd av det offentlege er part i saka. I tillegg blir lokale organisasjonar med ei særleg tilknyting til staden rekna som partar i saka, og har med det klagerett.

Det gjeld t.d. Bøfjorden Idrettslag og Bøfjorden Historielag. Andre som meiner dei har ein slik særleg tilknyting, kan også klage.
Ei ev. klage skal grunngjevast (sjå § 10, lov om stadnamn).


Klage skal sendast til post@surnadal.kommune.no eller til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal innan 15. oktober 2017.
Sia fjellet ligg på grensa mellom to kommunar, vil ein også kunne sende klage via Halsa kommune.
Surnadal kommune vil, etter fristen har gått ut, sende ev. mottekne klager vidare til Kartverket. Om Kartverket står på tidlegare vedtak, vil klaga bli sendt vidare til ei særskild klagenemnd som er oppnemnd av Kulturdepartementet.

Dei som har klagerett, har rett til å sjå saksdokumenta som er arkivert av Kartverket. 
Det er høve til å søkje om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjord.

Ein finn fleire opplysningar om klagerett og klagebehandling i Stadnamnlova og Forvaltningsloven (kap. VI). Gå inn på lovdata.no om du vil vite meir om dette.