Fjellskog

Naturvernforbundet klagar på helikopterløyve i Trollheimen

Klage på helikopterløyve

Naturvernforbundet har sendt klage på eit vedtak i det nye verneområdestyret for Trollheimen og Innerdalen. Les klaga nedafor slik Øystein Folden i Naturvernforbundet Møre og Romsdal har sendt den til oss.

 

 
Fjellskog Foto: Arnodd Håpnes
 

Naturvernforbundet klagar på helikopterløyve i Trollheimen landskapsvernområde
 

Allereie i møtet der det nye verneområdestyret for Trollheimen og Innerdalen skulle konstituere seg, vedtok dei å gje løyve til omfattande helikopterflyging innen i Trollheimen landskapsvernområde. Naturvernforbundet er kritiske til vedtaket, og har klaga det inn for Miljøverndepartementet.

Naturvernforbundet klagar på vedtaket om å gi Destinasjon Kristiansund og Nordmøre dispensasjon for landing med helikopter på Navardalsnebba, Tåga, Trolla og Vinnufjell i Trollheimen landskapsvernområde i Sunndal kommune.

For det første meiner Naturvernforbundet at verneområdestyret har gått ut over det myndet dei har. Ut frå verneforskrift og forvaltningsplan er det presisert at det ikkje er høve til å gi dispensasjon til opptak av reklamefilm innanfor Trollheimen landskapsvernområde.

Naturvernforbundet er dessutan kritiske til at helikoptertrafikken i fjellheimen i Møre og Romsdal aukar år for år. Verken rovvilt eller friluftsinteresser tener på dette. Grunngjevinga om at dette er bra reklameeffekt for våre alpine område har vore bruka i alle fall i fem år. Det skulle såleisbegynne å bli ein del turistar som driv enkelt friluftsliv i uforstyrra område. Er det noko denne turistgruppa ville sette ytterst lite pris på så er det helikopterverksemd der dei er ute og går. Då ville dei straks ha kome med krav om å få pengane tilbake og meir til. At dette ikkje skjer slik at vi høyrer om det tyder vel helst på at reklamen har størst effekt på salet av magasin og filmar om snøbrettkøyring o.l.

For det tredje meiner Naturvernforbundet omfattande helikopterverksemd i landskapsvernområdet er i strid med nasjonale retningslinjer om støyande verksemd.

Naturvernforbundet meiner gjennomgåande at det bør vere fullt mogleg å filme det som trengst utanfor dei områda som er stille. Dei som ikkje er kjende i området veit ikkje kva dei går glipp av og får ei positiv overrasking når dei kjem. Dei som er kjende i området og kan sjå kvar filmen er laga treng ikkje reklame for å kome seg ut.


I og med at Verneområdestyret er heilt nytt, ønskjer Naturvernforbundet å få ei vurdering av kva dette styret har slags mynde når dei går på tvers av nasjonale interesser. Naturvernforbundet har difor bede om at klagen får oppsetjande verknad; altså at flyginga ikkje blir gjennomført før klagen er avgjort av Miljøverndepartementet.

Miljøet som driv med denne filmverksemda er ikkje større enn at dei veit godt om kva som er sagt om å sende søknader tidleg slik at heile sakshandsamingsløypa kan gjennomførast i tide. Vi kan ikkje prove at dei spekulerer i å søke på eit tidspunkt slik at eventuell klage først blir avgjort etter at dei har gjort seg ferdig, men for Naturvernforbundet ser det i alle fall ut som det blir spekulert i dette.