«Kjøle mang blide folk å sjå»
- Irritabelt at ein ikkje har tida til å fiske sjølv heile tida, seier Ragnar Mauset i surna.no. - Det har vore kjempefiske i Surna sidan fiskestart, så i helga blir det mykje folk ved elva.
Anders og Terje Nilssen tok laks på 10,0 og 8,5 kg i går. På bildet øverst ser vi også håvar Arne Johan Dahl. Tidlegare på dagen fikk også Bernt Tysnes en fin laks på 7,6 kg.
Mathias Bruland tok denne laksen på 10,4 kg. i Mogstadhølen fredag ettermiddag. Laksen bit veldig bra om dagen!
Johan Tørrisen (over) tok andre laksen sin for sesongen, ein rugg på 12,0 kg. Johan fiska på Skei/Bergheim og bur på Brekkøya. For dei som er lokalkjente, vart laksen tatt på ferjestaden. Ein flott surnalaks var det, fortel surna.no.
Ung veteran
Ola Magnar Tellesbø fra Tellesbø, 9 år gammal, tok storlaksen torsdag kveld. Laksen tok med seg mesta 200 meter sene før Ola fekk den tilbake på plass. Etter ein god del arming og litt hjelp av far Lars (som også tok ein laks) og nabo Odin Haugen (11 år) kom endeleg laksen på land. Vekta stoppa på 10,0 kg. Laksen tok han på Tellesbø. På bildet ser vi Ola Magnar til venstre og Odin til høgre. Ola Magnar har tatt laks før og fiska i Surna siden han kunne gå, men dette var rekord. Vi gratulerer!
Laks nr.9 på Tellesbø
Bjarne Tellesbø (onkel til Ola Magnar) tok seinare i går kveld ein laks på same plass som Ola Magnar tok sin litt tidlegare. Laksen tok på møresild og vog 9,2 kg. Bjarne er ein storfiskar som har landa mange laksar opp gjennom åra, skriv surna.no. Sjøl om Bjarne har mykje rutine med å lande laks, er det godt å sjå at "lakseskjelven" og adrenalinet ligg på lur når storlaksen er sikra.
Helge Sæter (til venstre) med en laks på 6,5 kg og Otto Barsten med en på 10,5 kg. Begge tatt på Tellesbø nå utpå dagen torsdag.
Alle bilda er frå nettsida surna.no.
På nettsida surna.no kjem det stadig nye meldingar om fangst.