Kjetting i rundt 30 varmegrader
Under ein av postane i tevlinga "Traktor - Redskap - Trygghet", som også er Norgesmesterskap, skulle deltakarane legge på kjetting på ein traktor. Vidare var det mange postar for dei 49 som var påmeldte til denne tevlinga.
Håvard Johansen Lindgaard frå Oppland drypande våt av sveitte etter å ha lagt på kjetting på eit traktorhjul i rundt 30 varmegrader og vindstille. Han var mest van med lettkjetting og piggdekk under heilt andre teperaturar. Dette var ei av dei ti øvingane i tevlinga "Traktor - Redskap - Trygghet". Alle øvingane er poengsett, med og utan tidtaking, prikkbelastning og anna vurdering.
Karoline Bjørnholt frå Akershus var registrert som nr. 1 av dei 49 deltakarane som var påmeldt denne tevlinga som vil halde på langt utover dagen. Denne øvinga gjekk ut på å løfte to pallar med eit oljefat frå traktoren og ned, og oppatt etterpå. Før starten på øvinga fekk ho orientering av Lars Polden, og ho fekk gjere seg kjent med traktoren (nedafor).
Her må det finsikting til! Alt gjekk fint for Karoline.
Denne ryggeøvinga såg ikkje enkel ut. Forholdsvis smalt (50 cm breiare enn hengaren) og langt (15 m) og berre speilet skulle brukast. Bakhjulet på hengaren skulle stoppe 0 - 20 cm framom stokken som du ser på bildet!
Kristoffer Bakke Handeland frå Hordaland fekk dagens beste poengsum til da. Her var det idealtid som var utgangspunktet.
Plankekjøring, rygging etter planke med alle hjul, gjekk fint for Andreas Tønne frå Inderøy.
Kristian Nilsson frå Stokke i Vestfold viste god kunnskap om sikkerheit når han skifta maursyrekanne på denne forhaustaren.
Jo Edvard Olsen-Torp frå Marker i Østfold hadde ikkje kjørt Fendt før, men greidde denne øvinga best så langt. Poenga vart rekna ut i forhold til idealtid på 1.38 minutt og antal berøringar. Han fekk to berøringar og god tid.
Her møtte vi Andreas Tønne igjen. Denne gongen skulle ha kopla av og på eit tungt traktorredskap, her ein stor plog.
Alle tevlingane er opne for publikum, så sjekk programmet og ta deg ein tur og sjå på tevlarane!