
Kjernekraft på Solem?
- Jau, midt på
1970-talet var det på tale å bygge eitt av fleire norske kjernekraftverk i Midt-Norge. Blant aktuelle lokaliseringar var Solem i Åsskard spes
ielt nemnt! bekreftar Oterholm, som var blant dei sterkaste motstandarane.
På museet søndag tek han for seg desse sensasjonelle planene – som rett nok vart lagt vekk den gongen, men kanskje ikkje ein gong for alle. I dag har mange kanskje glømt denne saka. Derimot var det mykje oppstyr medan det heile stod på.
- Motstanden var sterk, og nesten 5000 protestunderskrifter vart overlevert industrikomiteen på Stortinget, fortel søndagens kåsør. Han viser avisutklipp frå striden den gongen og tek for seg kva vidtgripande geografiske og samfunnsmessige konsekvensar utbygginga ville ha fått.
Einar Oterholm (nr. 2 frå venstre) var blant
dei mest aktive motstandarane. Avisklipp frå midt på 70-talet.
Område i Halsa og på Solem var vurdert for
anlegg av kjernekraftverk i 1970-åra.
Einar Oterholm tek opp eit uvanleg
spennande tema søndag.
Med Fukushima og Tsjernobyl i tankane ligg det an til ein spennande dag på museet i Bøfjorden.