Kjemimestere på Surnadal VGS
Kjemi-OL er ein internasjonal kunnskapskonkurranse for kjemielevar i den vidaregåande skolen, hvor over 70 land og 1030 elevar er med i konkurransen. Vinnar i 1. runde ble Luyang Huang på vg3 studiespesialisering ved Surnadal vidaregåande skole.
Jørgen Halgunset i vg2 studiespesialisering kvalifiserte seg òg til 2. runde. Berre 166 elevar tok seg vidare, og to av dei er altså frå Surnadal VGS.
Eit av formåla med kjemiolympiaden er å auke interessen for kjemi ved å gje eit tilbod som er spannande, morosamt og litt annleis.
For deltaking i den internasjonale finalen må kandidaten vere under 20 år. Huang Lyang har fylt 21 år, og får derfor dessverre ikkje delta vidare i konkurransen. Jørgen Halgunset er 18 år, og får delta i 2. runde.
Luyang er svært interessert i realfaga generelt, og ser fram til å kunne studere vidare. Plana er å få kome inn på NTNU til hausten.
- I framtida ønskjer eg å kunne arbeide med å forske på nye energiformer. Eg tenkjer òg at det kunne vore interessant å forske på korleis ein kan gjere enkelte kjemiske stoffer meir miljøvennleg, seier Huang.
Les saka på Surnadal vgs' nettstad.
Måndag vart prestasjonen feira med kake og saft saman med medelevane på kjemifaget, faglærar Jon Moen og rektor Mons Otnes. Foto: Surnadal VGS.
Kjemimesterne Huang og Jørgen. Foto: Surnadal VGS.