Konsert innramma av L.M.Lindemann
"Kjærlighet er lysets kilde"
Vårsøghelgas kyrkjekonsert i Stangvikkyrkja var ei reise i norsk musikk dei siste 200 åra. I fjor var Henning Sommerro og nokre utvalde musikarar invitert til å lage eit bidrag til Olavsdagane i Trondheim. Dette fekk vi oppleve i Stangvik kyrkje denne 1.pinsedag.
Dei som medverka til den flotte kosertopplevinga i lag med Henning Sommerro, var Eldbjørg Hemsing og Ragnhild Hemsing på fioliner, Kim André Rysstad og Gro Kjelleberg Solli, song og kveding, og Carl Håkon Waadeland, Grand Cassa (perkusjon).
Ludvig Mathias Lindemann var fødd i 1812, og dermed er vi 200 år attover i tid. Ramma var bokstaveleg Lindemann, "Kjærlighet er lysets kilde" var både første og siste nummer under konserten.
Den starta várt a capella med solistane og perkusjon og fleire vart med etter kvart.
Vidare fekk vi ei avdeling med tradisjonelle folketonar og folkemusikk, m.a. etter John Røen.
Konserten flaut fint vidare utan avbrot verken av kommentarar eller applaus, sjølv om det var freistande fleire gonger. Vi ville så gjerne vise at vi sette pris på dei fine musikalske opplevingane vi fekk. No kjende vi at det bygde seg opp til ei bølgje til slutt!
Songsolistane avløyste kvarandre og dei song i lag. Det same gjorde Hemsingsøstrene med fiolinene sine. Bak boksane satt Carl Håkon Waadeland med sine saker. Vi høyrde han både svakt raslande og somme tider mesta buldrande. Andre periodar merka vi han ikkje, men han var med.
Det same må vi seie om Henning. Han kom med trekkspelet, han var oppe ved orgelet, han laga andre lydar, men denne ettermiddagen var det songsolistane og fiolinene som låg fremst.
Må særleg nemne Hennings tonefølgje til Kim André på «Se solens skjønne lys og prakt». Henning på orgelet fekk oss til å høre at vi såg sola!
Hemsingsøstrene var ei stor oppleving. Vi fekk sjå og høre ei mørk hulder gje oss ei magisk framføring av Bjarne Brustads «Natur og hulder» i kyrkja.
Øistein Sommerfeldts «Sonata Saxifra» var teknisk krevande, men solid framført med full beherskelse av både tempo og dynamikk.
Til slutt i konserten song heile forsamlinga Grundtvigs og Lindemanns «Kjærlighet er lysets kilde», og da songen var slutt, tok Henning og perkusjonisten over i eit forrykande postludium over den same salmen – men mjuk overgang til repetisjon av siste verset med songsolistane og fiolinene – før orgelet slo til for fullt att til slutt!
Så kom applausen – lenge – ståande – lenge!
Heilt til slutt takka Patrick Reurink, styreleiar i Laget Vårsøg, aktørane for den fine konserten og oppfordra til ny applaus! Han gav ordet til varaordførar i Surnadal, Lilly Gunn Nyheim. Ho takka også for konserten, men ærendet hennar var å takke alle «vårsøgfolka» for vel gjennomførte arrangement, og blomsten for det gjekk til Patrick på vegne av alle dugnadsgjengane
Trollheimsporten tiltrer!
Tekst/Foto: OleT