Picasa

Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2014

6.-8. april går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2014 av stabelen. Då vitjar konfirmantar, unge og vaksne frå Surnadal, Stangvik, Todalen, Åsskard og Rindal alle husstandane for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps arbeid.

Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2014

Kirkens Nødhjelp er der når katastrofen rammar

- og folk frå Surnadal og Rindal gjev deg høve til å bidra.

6.-8. april går Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2014 av stabelen. Då vitjar konfirmantar, unge og vaksne frå Surnadal, Stangvik, Todalen, Åsskard og Rindal alle husstandane for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps arbeid.

- Når ein katastrofe rammar, jobbar Kirkens Nødhjelp for å gje flest mogleg ein sjanse til å overleve. Men, behovet for naudhjelp og vern er stort i lang tid framover.  Det ser vi både i flyktningeleirane på grensa til Syria og i gjenoppbygginga på Filippinene. Vår støtte gjev Kirkens Nødhjelp høve til å handle raskt og gjere ein best mogleg jobb.  Difor vonar vi at folk tek godt imot oss og har pengane klare når vi kjem med bøssene, seier Kirsti Hjørnevik og Elsa Jensvold ved kyrkjekontoret i Surnadal.Pengane som blir samla inn, går til Kirkens Nødhjelps arbeid for ei rettferdig verd.

Engasjement som imponerer

- Folk her i området viser eit imponerende engasjement i samband med aksjonen. Både vaksne og unge har bidrege. Innsamlingen i år går av stabelen tysdag 8 april og vi starter kl 17 i alle kretser, seier Kirsti Hjørnevik , som vonar på eit godt innsamlingsresultat.

- I fjor fekk vi inn ca 125000 kroner i Surnadal og Rindal.Det var vi veldig nøgde med, men i år vonar vi på endå meir, for med Filippinene og Syria høgt oppe i medvitet, veit vi at det trengst

 

Får hjelp i Libanon

I Libanon, det vesle nabolandet til Syria, er no eitt av tre menneske syriske flyktningar. Mange av dei har med seg traumatiske krigsopplevingar og er i ein elendig forfatning. Kirkens Nødhjelp sørgjer for reint vatn, medisinsk hjelp, tak over hovudet og vern. Vi jobbar saman med partnarar som kjenner tilhøva godt.

- Saman med naudhjelpsarbeidarar og frivillige fra heile verda er kyrkjelydane våre med å gje folk høve til å ta vare på både sitt eige liv og andre sitt. I denne aksjonen er vi saman med menneske over heile kloden for å gjere verda litt betre, seier generalsekretær Anne-Marie Helland i Kirkens Nødhjelp

 

Faktaboks
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 6.-8. april

  • Utfordrar oss til å gje pengar til vern og naudhjelp når katastrofen rammar.
  • Det er kyrkjelydane landet rundt som står for gjennomføringa.
  • Pengane vi samlar inn under fasteaksjonen går til alt Kirkens Nødhjelps arbeid, og frie midler gjev naudsynte økonomiske musklar til å handle raskt når katastrofen rammar.
  • Du kan støtte aksjonen direkte ved å:
    • Nytte kontonummer 1594 22 87493
    • Ringje gjevartelefon 820 44 088 (200 kroner)
    • Sende ein sms <KN200> til 2090 (200 kroner)

 

For meir informasjon, kontakt:

Lokal aksjonsleiar:Kirsti Hjørnevik/ Elsa Jensvold Surnadal kyrkjekontor 71657060

Regionskonsulent i Kirkens Nødhjelp: Bente HjertnæsBente.Hjertnaes@nca.no