Kinesarar på studietur i Surnadal
Brit og Øyvind Holte tok imot ein delegasjon fra Miljødirektoratet og ei gruppe kinesarar ved elvekanten på Austistua Øye tirsdag ettermiddag. Kinesarane er i Norge mellom anna for å lære om elveforvaltning, og dei ville sjå på Surna som eit eksempel på ei regulert fiskeelv.
Ser på norsk vassdragsforvaltning
Representantane frå Miljødirektoratet hadde med seg 5 kinesarar som er i Norge for å sjå på norsk vassdragsforvaltning. Dei har valt å bruke Surna som eit eksempel på eit regulert fiskevassdrag i Norge. Før delegasjonen kom til Austistua Øye hadde dei besøkt Trollheimen Kraftverk. Bodil Gjeldnes og Råg Ranes var med som representantar frå Surnadal kommune.
Ved Austistua Øye vart gjestane godt mottekne av kårfolket Brit og Øyvind Holte. Dei hadde tent bål ved gapahuken og koka kaffe på svartkjelen, så gjestane fekk oppleve skikkeleg norsk turstemning. Her deltok óg Georg Solem og Kjell Lund frå elveeigarlaget.
Ei stor oppleving
Austistua Øye driv stort med fisketurisme. Dei har opptil 30 overnattingsplassar til fiskarar i laksesesongen. Resten av året leier dei ut til skuleelevar ved Surnadal vidaregående skole.
Kinesarane sette stort pris på å få komme til denne plassen. Fleire av dei ringte heim med videooverføring, for å vise familien kva dei opplevde. Dei fortalte at folk driv hobbyfiske i Kina og, men det er få plassar å finne der det er så stille og roleg og lite folk som dei fekk oppleve her ved Surna.
Dei fem kjem frå ulike delar av Kina, og har ulike stillingar. Dei arbeider mellom anna med handel, teknikk og økonomi. Dei fortalte at det var ei stor oppleving å komme til Norge. Tre av dei hadde aldri vore i Norge før, medan to hadde vore i Oslo før. Reisa i distrikts-Norge var ei heilt ny oppleving for dei alle. Etter dette skulle dei reise vidare til Kongsvold Fjellstue, blant anna for å sjå moskus.
Kinesarane sa ikkje nei takk til kaffe frå svartkjelen.
Orientering om fiske og vasskraftverk
Bodil Gjeldnes frå Surnadal kommune fortalde om utfordringane med forvaltning av Surna som fiskeelv, etter at Trollheim kraftverk vart bygd. Drifta av kraftverket gjer viktige inntekter til kommunen, men det har negative konsekvensar for økologien i elva og fiskebestanden. Kommunen arbeider no for å få til eit regelverk som betrar tilhøva for fisken i elva.
Statkraft har fått pålagt ein del oppgavar for å ta vare på økologien i elva. Dei har og sett i gang ein del ekstra tiltak ut over det dei har plikt til. Men kommunen og interesseorganisasjonane meiner at dette ikkje er nok.
Bodil Gjeldnes fortalte om arbeidet kommune gjer for å betre økologien i Surna.
Sjølv om fiskesesongen var nokså god i år, så meiner ein at det kan bli meir og større laks i elva dersom Statkraft blir pålagt å betre tilhøva for fisken. Kommunen har mellom anna bede om at Statkraft flyttar den årlege vedlikehaldsperioden frå vår til haust. Under vedlikehaldsperioden slepper dei berre ut minimalt med vatn, og held att mest muleg vatn i magasina. Frå naturen si side skal det vere størst vassføring om våren, så dette ønsker ein å rette opp. Temperaturen i elva er og eit problem. På grunn av kraftverket er temperaturen lågare enn normalt om sommaren, og høgare enn normalt på vinteren.
Kjell Lund representerte Surna elveeigarlag og organisasjonen Fiskeraksjonen, som har kjempa for Surna som fiskeelv i 20 år. Han fortalte litt om dette. Fiskarane og elveigarane vil ha meir vatn i elva om sommaren, og meir naturlege temperaturar i vatnet. Kort sagt arbeider dei for at Surna skal bli mest mulig lik det ho var før kraftverket vart bygd.
Øyvind Holte henta fram langbambusen, og det tykte kinesarane var moro.
Øyvind Holte og Kjell Lund med langbambus-stenger.
Bakgrunn for prosjektet
Miljødirektoratet er involvert i to delprosjekt i Ya'an (Sichuan-provinsen) i Kina. Det er eitt prosjekt for oppretting av IUCN nasjonalpark for stor panda, og eitt prosjekt for innføring av prinsippa for vassdragsforvaltning etter EU sitt vassdirektiv. Sichuan-provinsen har vore ramma av jordskjelv fliere gongar etter årtusenskiftet. Det kraftigste jordskjelvet var i 2013, med store skader på byar/infrastruktur og nærare 100 000 personar omkom.
Hovudvassdraget, Baoxing river, har fleire utfordringer. Elva er til dels kraftig påverka av vasskraftutbygging og steinindustri (marmor). Dei nevnte prosjekta startet i 2016 og skal vare i tre år. Miljødirektoratet si rolle er å bidra med rådgjevning og opplæring.
Det er ca 15 personar fra Kina på studiebesøk i Norge i tidsrommet 4. - 8. september. Delegasjonen vart delt opp da dei reiste frå Trondheim tirsdag, slik at 5 av dei tok turen til Surnadal. Målet med turen er å gje dei ideer, vise relevante eksempel og lære dei meir om norsk forvaltning og kompetansemiljø.
Kjell Lund viste fram eit hefte med informasjon om Surna.
Kinesarane fekk t-skjorter frå laksefestivalen i gave. Saman med dei fem kinesarene, som vi ikkje har namnet på, ser vi Brit Holte, Øyvind Holte, Dag Rosland (Miljødirektoratet), plansjef Råg Ranes (Surnadal kommune), Jo Halleraker (Mijødirektoratet), miljøvernkonsulent Bodil Gjeldnes (Surnadal kommune), Kjell Lund (Surna elveeierlag og Fiskeraksjonen) og Georg Solem (Surna elveierlag).
Informasjon om prosjektet i Kina