Kaptein Dante i Vårsøghelga
Kaptein Dante er ei heilaftan musikal som er skrive, komponert, regissert og spela av elevar frå Nordmøre Folkehøgskule. Her handlar det om sjømenn og piratar. Musikalen blir framført i Vårsøghelga 5. - 8. juni.
Bilde over: Manusforfattar Trond Stavås og dagleg leiar i Vårsøghelga, Gerd Ingrid Kvendset
Vårsøghelga er glad for å kunne presentere Kaptein Dante, ei heilaftan musikal av og med elevar frå Nordmøre folkehøgskule, i programmet denne Vårsøghelga (5. - 8. juni). Det skriv dagleg leiar i laget Vårsøg, Gerd Ingrid Kvendset, i ei pressemelding i dag. Kva er vel viktigare for ein kulturfestival enn å legge til rette for å få vise fram noko ungdommane sjølve har laga? spør ho.
Vårsøghelga ønskjer å gi vårsøgpublikummet høve til å oppleve noko som er laga frå skratch av ungdommen sjølv, noko som er ekte og unikt og som er ei motvekt til idolkulturen vi matast med i dag. Ikkje mindre enn 40 ungdommar deltek i denne produksjonen som tek oss med til sjømenn og piratenes rike. At elevane på Nordmøre folkehøgskule får spelerom til å sette opp slike produksjonar tek vi av oss hatten for!
Nofo har siste skuledag 14. mai. At mest 40 ungdommar kjem attende etter skuleslutt, øver og spelar den kritikerrosa musikalen på vårsøghelga seier noko om kor seriøst dei tek sin eigen produksjon og kor glade dei er i å vera skapande sjølv. Samarbeidet med Nofo er unikt i Vårsøghelgas historie, skriv Gerd Ingrid Kvendset.