Picasa

Kulturvøkku 2013

Kakebord på museumsopning i Rindal

Venneforeninga gjer eit stort og viktig bidrag til museumsarbeidet i Rindal, sa museumsstyrar Kari-Elin Bolme Løfaldli under opninga av sommarsesongen ved Rindal Bygdemuseum søndag. Venneforeninga diska opp med stort kakebord opningsdagen, og vil bidra med servering kvar søndag under sommaropninga.

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2337469.1537.qudrwdsvcf/1-IMGP0906_700x466.jpg
 

Kvar søndag fram til 4.august vil venneforeninga, som har 80-90 medlemmar ha ei eller anna form for servering frå kl.14:00 til kl.17:00. Det blir Bestemors kakebord og det blir perrasup og «saupskalla»! Alt for ein rimeleg pris. Søndag 21.juli blir det ei utstilling med temaet "Gamle julekort og andre kort" med Asbjørn Ersvik og Svein Sættem i Løsetlåna. Da blir det salg av kaffe og krumkake med krem. Siste julisøndagen er det salg av søndagsdessert i Løsetlåna.
 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2337674.1537.xrerxedqys/Museumsvenner%C2%A0-IMGP0901_715x475.jpg
Museumsvenner i Bjønnåsstøggu, nydeleg lokale for søndagskaffe!

 

 

Søndag 4. august er siste åpningsdag denne sesongen. Da blir det omvisning og orientering om skimuseet, og det blir salg av spekemat, rømme og kavring.


 

Fredag 26. juli sesongens siste museumsQuiz i museumskafeen kl. 20.00-23.30 åpent fra kl. 19.00

 

Sjå heile sommarprogrammet for Rindal Bygdemuseum her!

 

Kari-Elin Bolme Løfaldli kunne fortelje at det søndagen med utstillinga av "Gamle julekort og andre kort", vil Asbjørn Ersvik og Svein Sættem gjerne at folk tek med kort som dei kan få avfotografere.

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2337658.1537.xytrdarebr/%C3%85kle%C2%A0-2013-06-29%C2%A014.30.05_715x536.jpg

 

Videre fortalde ho at det var gjort små endringar i utstillinga inne i Løsetlåna. I nystuggu er det utstilling av «raudåkle». Desse er trykt i Rindal av rindalingar med mønster utskore i treklossar av rindalingar. Eldre veit framleis kvar fargeriet i Rindal sentrum låg.

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2337657.1537.dstfsputtw/Kari-Elin%C2%A0Bolme%C2%A0L%C3%B8faldli%C2%A0-IMGP0911_700x1053.jpg

 

Sjalet til Rindalsbunaden har mønsret sitt frå slike åkle. Likeeins strikkemønstra til Rindalskoftta, Rindalslssokken og nytt av året: Rindalsvotten! Venneforeninga står bak produksjonen av Rindalsvotten. Den er å få kjøpt på museet.

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2337656.1537.rcuddscebr/1-2013-06-030_715x477.jpg

 

Elles understrekar Kari-Elin at både urmakarverkstaden og broderiutstillinga er spesielle utstillingar for Rindal Bygdemuseum.