
Kaizers Orchestra til Surnadal!
Kaizers Orchestra kjem til Surnadal 18. april. Pressefoto.
I samband med jubileet i år har Surnadal kulturhus lagt seg ekstra i selen for å skaffa bygda og nærområda kulturelle godbitar. Det er kulturhusleiar Karstein Telstad som no har sikra kulturhuset den dyrebare kontrakten med det ettertrakta bandet, noko ordførar Mons Otnes kallar eit scoop. Det er første gong kulturhuset har gjort forsøk på å få Kaizers Orchestra til bygda. Karstein Telstad fortel han trudde dei var uoppnåeleg, men denne gongen klaffa det altså mellom Europa-turne og nye oppdrag. Bandet spelar stort sett for forsamlingar som er mange gonger større enn det det er muleg å få inn på Kulturhuset. Konserten i Surnadal blir derfor karakterisert som ein "liten intimkonsert", i den grad det no er muleg for eit band som Kaizers Orchestra å halde ein intimkonsert. Viss ikkje eit einaste oljefat blir knust, vil det nok bli ein nedtur for forventningsfulle Kaizer-fans.....
Kaizers Orchestra er av eit slikt format at bandet i utgangspunktet er eit for tungt økonomisk løft for Surnadal Kulturhus åleine. Så snart det vart klart at det var muleg å få dei til Surnadal, tok derfor Karstein Telstad kontakt med ordførar Mons Otnes for å undersøkje mulegheitene for hjelp frå kommunen. Eit tilskot på 30 000 kroner frå dei gjorde konserten til ein realitet. Billettane vil koste 410,- kroner, og er som sagt å få tak i frå tysdag. Bergsvein Brøske ved Vårsøg hotell fortel også at hotellet vil tilby pakkar med overnatting i samband med konserten. Les meir om Kaizers Orchestra og det dei held på med no, ved å gå inn på heimesidene deira.
Ordførar Mons Otnes og kulturhusleiar Karstein Telstad gler på Kaizers-besøk og oljefatknusing. Foto: Norunn Holten