Juniorkor i Stangvik
Tysdag starta eit nytt ungt kor i Stangvik. Påska er første målsetting. Så kjem grunnlovsjubileet og 17. mai. Dei friske stemmene vil utan tvil prege kyrkja og bygda denne våren.
Blant pådrivarane er Berit Anne Røkkum i Stangvik sokneråd. - Dette er eit prosjekt der vi i første omgang siktar oss inn på «Påskevandring» palmesøndag og på bidrag til 17. mai-feiringa ved grunnlovsjubileet, seier ho.
På første øvingskvelden la ho fram spennande idear for barna og foreldra. Berit Anne sørga også for smakfull servering – ein vesentleg motivasjonsfaktor! Sju deltakarar er ikkje mange, men Berit Anne trur at enda fleire vil møte opp neste gong.
Alt på første øvingskvelden viste jentene at dette blir bra. Stemmene klang lyst og fint i kyrkjerommet. Songdans og pantomime hadde dei også fint tak på.
Kunst-mennesket Berit Anne ser for seg eit musikkmiljø der både song, musikk, bevegelse og andre uttrykk blir ein heilskap. Da er barna dei beste utøvarane. Alt første kvelden øvde gruppa inn prosesjonsdans og salmepantomime til årets «Påskevandring».
Organisten, Bernt Gudrunson Bøe, og dei frammøtte foreldra kunne slå fast at det unge koret i Stangvik lovar det beste.
Berit Anne Røkkum (t.v.) saman med juniorkoret. Mot høgre: Oda, Julie, Nora, Liv Margit, Ida, Elise og Mette. (Foto Bernt G. Bøe)
Berit Anne (t.v.) hjelper Julie, Oda og Mette med innøving av påskesalme. (Foto Christian Madaus)
Det ferske koret i lag med sine instruktørar på første øvingskvelden. Frå venstre Ida, Julie, Nora, organist Bernt G. Bøe, Berit Anne Røkkum frå soknerådet, Liv Margit, Elise, Mette og Oda. (Foto Christian Madaus)