Jula varer ...
14 gonger har Helge Gudmundsen vore på julefest på Lomundsjø bedehus første fredagen på nyåret. I år hadde han folksamt følge av songkoret Te Deum frå Melhus med omegn, Lars Jonson Gåsvatn og KOS frå Surnadal i fullsett bedehus.
Med eit kor på vel 50 medlemmer, var Lomundsjø bedehus heilt fullt fredagskvelden. Denne festen er ein musikkfest, og det sørga alle aktørane for.
Te Deum med sine 50 songarar, piano og el-bass fylte bedehuset med fin song, både kjente og mindre kjente songar.
Karen Oddny og Sigfred Gravvold song songane sine utan akkompagnement, stodig og klart. Dei fleste har høyrt om "Julverset", men har du høyrt "Nyttårsverset?
Det fekk vi høyre i versjon etter John Røen frå Stangvik, slik Karen Oddny var van med det frå Åsbønå! Ho las også frå huspostillen slik dei bruka å gjere kvar nyttårskveld før dei song nyttårsverset.
Lars Jonson Gåsvatn trakterte saksofonen riktig bra, og vi gler oss til å høyre meir frå den karen!
Radiomannen Helge Gudmundsen heldt juleandakten, og før han avslutta, minte han om at no går programmet "Salmer til alle tider" kvar søndagskveld ein time frå kl.20.00 på NRK P1+ for dei som har DAB.radio. Han oppfordra oss til å sende inn ønske om songar på telefon 73881248 der du følger instruksjonane og legg inn ønsket ditt.
- og det var sjølvsagt gong og song rundt juletreet, rikeleg med mat - både kveldsmat og kaker, og utlodning!