"Jul på Nordmøre"
Det tradisjonelle juleheftet "Jul på Nordmøre" har kome i sal. Bladet har variert innhald, med fleire bidragsytarar frå distriktet vårt.
"Medan juleførebuingane går sin gang, finn "Jul på Nordmøre" også dette året vegen til trufaste lesarar i bygd og by". Det skriv leiar i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes, i artikkelen sin om dei gode juleminna.
I juleheftet dette året finn vi mellom anna bidrag frå Liv Løften Bureid, Styrkår Brørs, Edgar Bæverfjord, Eivind Hasle, Edgar Kattem og Knut Sæterbø.
Knut Sæterbø skriv om ein bureisar i øvre Bæverdalen.
2017-utgaven er den 82. årgangen av "Jul på Nordmøre". Det er Nordmøre og Romsdal Ungdomslag som er utgjevar av bladet.