JPNstyret_1024x1213

“Jul på Nordmøre” klar for butikkhyllene

Heftet “Jul på Nordmøre” blir i desse dagar køyrt, rykande ferskt, ut til dei lokale ungdomslaga på Nordmøre. Somme stader vil hefta bli selde på dørene, andre stader vil dei berre bli å få i butikk.

Det er årgang 76 av det tradisjonsrike heftet til Nordmøre Ungdomslag som no blir lagt ut for salg. Tidlegare om åra har heftet hatt eit tema. Ein har likevel ikkje greidd å fylle opp heile heftet med tekstar som er innanfor dette tema, så derfor bestemte skriftstyret seg for å ikkje ha noko tema denne gongen. Utover at det her er samla mykje tradisjons- og kulturstoff, er det derfor vanskeleg å peike på ein klar raud tråd i innhaldet. Vi kan gje nokre eksempel: Eistein Bæverfjord skriv om gamle Åsskard Idrettslag, Mary Lilleløkken skriv om “Den store smultringbaksten” i karakteristisk stil, Marit Sjøsæter skriv om juleferie i Afrika og Helge Husby stiller spørsmålet om Nordmøre er ein naturleg del av Trøndelag. Nokre dikt er det også plass til, og heftet er illustrert med vakre teikningar av Bergljot Hals. Leiar i skriftstyret, Eistein Bæverfjord, kan fortelje at arbeidet med heftet har gått ekstra bra i år, og han trur årsaka til dette er at dei denne gongen har hatt redaktøren i Aura avis med på laget. Elles er det både erfarne og ferske forfattarar med blant tekstforfattarane, og det er jo lovande også i forhold til framtida for “Jul på Nordmøre”.

Til venstre: Bergljot Hals har illustrert juleheftet med fantastiske teikningar.

Under:  Frå venstre: Eistein Bæverfjord, Karin Ormbostad og Lars Steinar Ansnes frå skriftstyret. Her driv dei i Møstadvågen og pakkar 3000 "Jul på Nordmøre" som skal ut over heile Nordmøre. I tillegg til dei tre på bildet er Mona Rita Rønning og Johs. Vaag med i skriftstyret. Foto: Reidun Flatøy