Bildet over: Rydal Hall.
JUL I FRAMANDT LAND – ENGLAND 1968
Den første julehelga heimanfrå og til og med i eit framandt land, sit fast i minnet. Alt var uvant: høgtidsrytmen gjennom jula, maten, luktene, klimaet og samveret. Men det vart ei positiv oppleving – og eit minne å ta med seg.
Vinteren 1968-69 var eg 25 år og nyutdanna cand.mag. frå Lærarhøgskolen i Trondheim, og eg hadde fått stilling som norsklærar ved German og Scandinavian Institute i Newcastle i England. Lærarstillinga der dette året vart ei både utfordrande og utviklande erfaring.
Også på universitetet var det sjølvsagt jule- og nyttårsferie. Men i staden for å reise heim med båt over Nordsjøen, vart eg kjent med at British Council arrangerte ei vekes «Julekurs» (Christmas Holiday Course») i Lake District. Og Lake District låg jo berre tvers over landet, ikkje så langt frå Newcastle. Målgruppa var først og fremst studentar frå Samveldelanda, og dei fleste hadde så lang og kostbar veg heim at dei var i Storbritannia gjennom jule- og nyttårshelga. Eg søkte om å få delta, og kom med på samlinga på Rydal Hall i Ambleside i Lake District 20.-27. desember 1968.
Det vart ei minneverdig julehelg: 36 ungdommar frå heile verda samla i eit gammalt engelsk herskapshus, med ein engelsk prest som «kursleiar». Engelske juletradisjonar var ramma, med julaftan som ein vanleg kvardagskveld og med 1.juledag som høgdepunktet, mellom anna med kalkun og julepudding. Vi var 7 frå Europa (6 frå Sør-Europa og eg aleine frå Nord-Europa), 14 frå Asia, 12 frå Afrika og 3 frå Sør-Amerika, ei rik blanding av raser og hudfarger, religionar og mattradisjonar. Heile 23 land var representert.
Det vart god tid til å bli kjent. I Rydal Hall var det god plass, og i området rundt var det fint å spasere i det engelske landskapet. Der var ikkje snø, men berrfrost og skyfri himmel og klar og rein luft. Det var lagt opp til eit program med fleire sightseeing-turar i Lake District der vi vart gjort kjent med dette flotte ferielandskapet til britane, på ei årstid då det var vesentleg rolegare der enn det er sommars tid. Dette området kom jo også fleire kjente engelske kunstnarar og forfattarer frå, som til dømes lyrikaren William Wordworth. Det var gudsteneste for dei av oss som ville vere med på det, og ikkje minst besøk i smågrupper til engelske vertsfamiliar. På engelsk gudsteneste fekk vi til og med prøve oss som kyrkjekor, og lærte oss «The First Noel» og andre av dei viktigaste engelske julesongane. Og siste kvelden var det «farewell party» arrangert av kursdeltakarane, og der også dei engelske vertsfamiliane var inviterte til å oppleve ein «internasjonal kabaret», det vil seie sjå og høyre kva vi hadde å vise fram. Det vart både mangetonig og fargerikt.
Sterkast i minnet sit likevel inntrykket frå samveret med alle ungdommane denne veka. Kor mange gonger Beatles-låten «Obladi, oblada» vart spela denne jula, veit eg ikkje, men enkelte av dei afrikanske ungdommane synest å ha tatt kontroll over lydanlegget og var tydelegvis svært begeistra for denne låten. Men elles vart det rikeleg høve til samtaler og meiningsutveksling, om kvar dei enkelte kom frå, kva dei gjorde i Storbritannia, og korleis dei vurderte til dømes studentopptøyene i Frankrike eller dei politiske tilhøva i India eller Mexico. Måltidene gav også utgangspunkt for refleksjonar og var sjølvsagt ei utfordring for kjøkkenpersonalet, for muslimane skulle ikkje ha svinekjøtt, og hinduane ikkje ku- eller oksekjøtt – og atter andre var vegetanarar. Men fort forsto ein like vel at det var mange av dei same tinga som var dei viktige for alle: spørsmåla om krig eller fred, om mat eller svolt, om fellesskap eller einsemd. Dei same kjenslene var – og er - like for alle: frykt, hat, vennskap og kjærleik – uansett hudfarge eller rase, kjønn eller klesdrakt, tru eller religion.
Ein kjenner seg rikare etter ei slik oppleving – med gode minne og med kontaktpunkt over heile verda. Ein har lært noko om menneskeleg mangfold og om kva som er viktig og mindre viktig i «den globale landsbyen.» Og som eg kom til å skrive i eit lite avisinnlegg i lokalavisa «Sør-Trøndelag» 4/1-1969 etter opphaldet: Kvifor blir det ikkje arrangert slike kurs også for storpolitikarar?
Eivind Hasle
6650 Surnadal