Jul er fest
Det er lang tradisjon for juletrefestar i romjula og først på nyåret i grendene våre. I Rindal har det vore juletrefestar i forsamlingshusa Torshall og Granheim i romjula, og denne helga har det vore julefest i Lomundsjø Bedehus og i Rindal Menighetshus.
Sokneprest Lene Gåsvatn i Rindal Menighetshus.
I Lomundsjø var det NRK-kjendisen og høttrindalingen, no pensjonist, Helge Gudmundsen som hadde talen for 18. gong, og i menighetshuset tala sokneprest Lene Gåsvatn.
Lars Jonsson Gåsvatn spela saksofon på begge festane i helga. Elles var programmet tradisjonelt med gong kring juletreet og god, sosial kaffepause.
Frå Lomundsjø Bedehus, der også Rennebu musikklag deltok.
Festen på Rindal Menighetshus tok avskjed med juletreet med eit lett omskrive julesongvers.
Tekst/Foto: OleT