Jul er fest
Juletrefestar er tradisjon i samband med julehelga! Denne søndagen var det tid for den tradisjonelle juletrefesten på Rindal Menighetshus. Alt var på plass: Juletreet, presten, organisten (- to stykke!) og barnekoret - matpausen og folket.
Det var mesta ikkje ledige stolar i Rindal Menighetshus når Kjellaug Foseide ønska forsamlinga velkommen til juletrefest. Dei tre programpostane som fylte mest var barnekoret Salt & Pepper, gong rundt juletreet og kaffepausen.
Sokneprest Lene Gåsvatn hadde ord om Jesus til forsamlinga, og etter matpausen leda Berit Halsetrønning ein lagkonkurranse der alle var deltakarar. Det galdt for to jenter å komme fram med bestemte ting frå kvar sin del av salen. Det var stor innsats både frå jentene og frå laga i salen.
I staden for loddsalg hadde alle fått kvart sitt lodd ved inngangen, så det vart loddtrekning med den spenninga som hører med. Sjølv om kollekten vart etter loddtrekninga, var arrangøren fornøgd med gaven til menighetshuset.
Espen Selbæk, vikarorganist ved pianoet, og Thomas Erlandsen, som er nytilsett organist i Rindal med trekkspellet, leda songen og gongen kring juletreet.
Det er alltid spennande med loddtrekning (over), og somme tykkjer det er spennande kven som skal ha gevinstane!