Jubileumsgave

Da Rindal Pensjonistlag hadde 50-årsjubileum i 2017, annonserte Rindal kommune at jubileumsgaven frå kommunen skulle bli ein Åpen Dag med middag. Denne torsdagen vart gaven delt ut.

- Kva skal ein gje i gave til ein 50-åring som har alt, tenkte ordførar Ola T. Heggem i forkant av jubileet, og det var da ideen om ein Åpen Dag i regi av kommunen dukka opp.

IMGP1217.JPG

Ordførar Ola T. Heggem assistert av leder for teknisk avdeling, Nils Heggem tok utgangspunkt i heimesida til Rindal kommune når han skulle presentere kommunen for forsamlinga.

Der viste han første oversyn over ledarteamet, formannskapet, kommunestyret og driftsstyret.

IMGP1229.JPG
Rindal kommune møtte med ordførar Ola T. Heggem, assisterande helse- og omsorgsleder Ann Kristin Tørset, varaordførar Magnar Dalsegg, rådmann Birgit Reisch og ledar teknisk avdeling Nils Heggem.

Etter litt dataplunder heldt Ola T fram med presentasjon av kommunen gjennom dei ulike valga heimesida byr på. Dei aller fleste områda var godt oppdaterte.

- Før var det pæra i overheaden som gjekk, kommenterte ordføraren til dei tekniske problema.

Gjennom heimesidene kan ein finne fram til alt som foregår i kommunen. Du finn alle saksdokumenta, og i postlista ligg all kommunikasjon til og frå kommunen, unnateke det som ikkje er offisielt.

Det er også under arbeid ei side for presentasjon av alt som foregår i bygda. Mange hugsar ei blå brosjyre som eksisterte ei tid. Den nye sida skal erstatte den.

Informasjonsmengda er stor, og da er det viktig at nettsidene er logisk oppbygde, men det er ved jamn bruk ein kan få nytte av sidene. Det er berre å sette igang og prøve seg fram.

Søkefunksjonen øvst på sida fungerer også brukbart.

Avslutningsvis viste Ola T ei «skryteliste», som han kalla det, der han viste fra ulike aktivitetar i kommunen. Han la særleg stor vekt på all frivillig innsats.

- Utan frivillige hadde ikkje Rindal vore den flotte bygda den er, sa han.

Rindal har kome svært godt ut av det som god kommune i mange undersøkingar.

Det er TID TIL Å LEVE her!

Til slutt omtala ordføraren overflyttinga til Trøndelag. Det blir arbeidd for at overføringa skal skje så snart som muleg, seinast slik at Rindal deltek i Fylkestingsvalget i Trøndelag. Det betyr at dei politiske partia deltek i nominasjonsprosessen før valget i Trøndelag alt dette året for valget i 2019. Elles er grenseflyttinga ein prosess som tek tid. Kommunen innrettar seg no på å halde fram som ein liten kommune i Trøndelag fylke.

Forsamlinga ønska å høre meir om planlegginga av nytt helsetun. Assisterande helse- og omsorgsleder Ann Kristin Tørset orienterte om tidsramma og planarbeidet som er i full gang no. Det blir travelt å rekke å bli ferdig til 2020, slik det er tenkt. Ekstern hjelp må leigast inn.

- Grovkalkyle av eksisterande bygningsmasse og behov håper vi å ha klart til september, sa Tørset.

Det vart også spurt om skilnaden på sjukeheimsplassar og omsorgsplassar – slik Meldal planlegg. I begge høve er det meininga at dei eldre skal få dei tenesta kvar einskild treng.

Ledaren i pensjonistlaget, Helene Marie Nergård, håpa at det fortsatt ville bli sjukeheimsplassar, men var redd at andre løysingar kunne bli valgt av økonomiske grunnar.

Rådmann Birgit Reisch sa at omsorgsbustader må bli bustader med omsorg. Det blir viktig med fleksible bygg som kan tilpassast behovet til brukaren.

For at gaven frå kommunen skulle bli fullstendig, spanderte dei middag på pensjonistlaget, smakfull lapskaus, riskrem og kaffe!

IMGP1222.JPG

Som oppvarming til middagen stilte Alex fra Indre Nordmøre Kulturskole med to grupper elevar. Den første gruppa (over) spela romansk dans, og den andre gruppa slo til med amerikansk country, ein skikkeleg cowboysong.

IMGP1225.JPG

IMGP1213.JPG
Dert var som vanleg godt oppmøte på Åpen Dag, og forsamlinga takka for gaven frå kommunen med solid applaus.

IMGP1215.JPG