Jubel i Stokkøyan
Det var stor jubel hos rørleggarbedrifta Kjells VVS i Stokkøyan, Rindal da dei fekk tilslaget på alt rørleggararbeidet bustadprosjektet Tordenskiolds Hage på Lade i fjor. No er arbeidet i gang på byggeprosjektet, som er ein liten bydel med heile 117 leiligheiter.
Her bygger dei Tordenskiolds Hage. (Foto: VB)
Rindalsbedrifta skal levere alt av vatn, varme og sprinkleranlegg til alle leilegheitene, og det skal tilsaman monterast rundt 150 bad, til ein samla pris på 16-17 millionar kroner.
– Bustadprosjektet Tordenskiolds Hage er nok det største prosjektet vårt til no, sier prosjektledar Ola Bakk (bildet øverst) i Kjells VVS til Trollheimsporten.
– Foreløpig har vi eit par personar i deltid på prosjektet på Lade, men vi må nok inn med fleire etter kvart som bygginga går framover, seier Bakk.
Mange oppdrag
Kjells VVS er nettopp ferdig med verkstedhallen for Metrobussane på Sandmoen der dei leverte ca 10 000 meter med golvvarmerør og alt av sanitær og trykkluft. Dei er i sluttfasen av eit nytt stort varehus for Coop OBS Bygg i Stjørdal.
Vidare skal dei vere med på å bygge ny Coop Extra på Orkanger, med leilegheiter i andre og tredje etasje, på Oppdal skal dei ha alt av sanitær, vatn og varme på ein ny Biltemabutikk og på Kyrksæterøra er dei med på ein ny brannstasjon for den nye Heim kommune.
- Vi tolkar det slik at byggherrane er godt nøgde med arbeidet vi gjer, sidan oppdraga strømmer på. Dermed ser det riktig bra ut for oss framover, konstaterer Ola Bakk, noko den gode, men travle stemninga i kontora også tyder på.
Treng fleire
Til slutt ønsker Ola Bakk å anbefale utdanninga til rørleggarfaget.
– Skulle vi vere så heldige at nokre 10.-klassinger som ikkje har bestemt seg for skolevalg enda les dette, så anbefaler vi veldig å sjå mot yrkesfag og rørfag, seier han med eit smil.
– Rekruttering til yrket er viktig. Vi tilsette ein ny rørleggar sist haust, men akkurat no har vi ingen søkarar til lærlingeplassar. Derfor oppfordrar vi på Facebooksidene våre og her gjennom Trollheimsporten at du er velkommen til oss og eit interessant yrke, seier Ola Bakk.
- Rørleggerfaget er jo spennande og mangfoldig, og eit yrke der du neppe blir arbeidsledig med det første, seier han og hastar ut på oppdrag.
Alle bilene til Kjells VVS er ute på oppdrag
FAKTA:
* Rørleggerbedrifta Kjells VVS AS vart etablert i 1987
* Er medlem i rørleggerkjeda VB (Varme & Bad AS)
* Har hovedkontor i Rindal, og ei avdeling i Trondheim.
* Kjells VVS AS utfører alt innan servicerørlegging, total renovering av bad etc.
* Er også med på store prosjekt, blant anna utbyggingsprosjektet Tordenskiold Hage som er største prosjektet til bedrifta hittil
* Består i 2020 av sju dyktige rørleggarar, pluss to i administrasjonen.
* Har svært god ordretilgang framover
Kjells VVS er medlem og medeigar av Trollheimsporten.