Journalistisk på museet
Journalistveteranen Stein Sættem lovar frisk nostalgi på Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Frå sine nesten 50 år “Med blokk og kamera” for avisa TK viser han ei rkhaldig fotosamling frå heile Nordmøre (og andre stader) i nær fortid. - Litt personleg blir det også, med inntrykk frå reiser i Isarel og USA, seier han. – Men mest er det reportasjestoff frå 1960-talet til no.
Stoffet vil nok vekkje minne hos nordmøringar frå alle bygder. Fotografen (med over 52.000 bilete inne på PC’en) har fanga hendingar og personportrett for sine lesarar i eit halvt hundreår.
Vi får gjensyn med kongebesøk på Grip, Oddvar Nordli på Talgø-besøk i Todalen og i lag med sentrale lokalpolitikar, Nato-øvinga Team Work, storsildfisket i glanstida og mykje anna som har skjedd i desse åra. Glimt av politikk og samfunnsliv går hand i hans med landskapsfoto frå bygd og by.
- Og sjøl om eg stammar frå Bøfjorden, blir det inga hovudvekt på bilete derifrå denne gongen, seier TK-veteranen, som håpar publikum møter talrikt fram søndag ettermiddag.