Jonsvaka k åsskard krk 160704

For 32. året på rad

Jonsvaka i Åsskard

Søndag kveld 16.juni kl.19:30 går den 32.Jonsvaka i Åsskard kyrkje - med biletkåseri og variert konsert. På bakgrunn av middelalderens kyrkjehøgtid for Døyparen Johannes (St. Hans) har ein i Åsskard feira musikalsk midtsommarfest kvart år sia 1982. Jonsvaka (dialekt «jensuku») har såleis på nytt vorte ein kyrkjetradisjon. Og oppmøtet syner at mange set pris på innhaldet. Arrangementet skjer vanlegvis tett innpå sjølve St. Hans-kvelden. Men i år kjem den av praktiske grunnar noko tidlegare.

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2323115.1537.vpwxwfxudv/Jonsvaka%C2%A0d%C2%A0Teilgaard%C2%A0TAVLE%C2%A0%C3%A5LVUNDEID_715x551.jpg

 

Søndagskvelden startar med eit biletkåseri over interiør og altartavler av nordmørske kunstnarar i nordmørske (og nordnorske) kyrkjer. Ein får sjå kunstskattar av og høre om bl.a. Rasmus Teilgaard (Stangvik), Ole Joensen Kolset (Bøfjorden og Kristiansund), Lars Drejer (Åsgard), Dorothea Follestad (Stangvik) og Peder «Bildsnider» Kjørsvik (Fræna).

 

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2323117.1537.xwcfdcvbxu/Jonsvaka%C2%A0b%C2%A0NILS%C2%A0R%C3%B8V_350x349.jpg

 

I den påfølgjande konserten viser naturforskaren Nils Røv (t.v.) si musikalske side. På munnspel framfører han lekre folkedansar og salmetonar – med tilhørande kommentarar. Nils begeistra publikum på Bøfjorden Sjøbruksmuseum med både musikk og fuglekåseri i fjor.

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2323112.1537.pcrrtdpvrr/Jonsvaka%C2%A0h%C2%A0TOR%C2%A0STRAND_350x396.jpg

 

Tidlegare Tingvoll-kantor Tor Strand (t.h.) er orgelsolist i Bachs «Dorsike Toccata» og variasjonar over «Hellig Olav» av Gottfred Pedersen. Han gir tonefølgje til solistar og kor.https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2323118.1537.sddtwsecpb/Jonsvaka%C2%A0c%C2%A0SIGRID%C2%A0B%C3%B8E_350x552.jpg

 

 

 

Songsolist er Sigrid Vetleseter Bøe. Ho er glad i Grieg og vil synge sommarlege tonar av vår store nasjonalkomponist.

 

 

 

Åsskard Kyrkjekor samlar seg denne kvelden om ukjend, nydeleg musikk av Felix Mendelssohn. Koret er også vertskap og lovar ei triveleg kaffestund mellom kåseri og konsert.

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2323116.1537.qtuwpdrqrt/Jonsvaka%C2%A0A_715x680.jpg

Åsskard Kyrkjekor syter for song og kaffe under si 32. Jensuku-feiring. Her har Randi Bøe, Nora Bøe, Kirsten B. Bøe og Kari Sæther kveldskaffen klar.

 

Arrangøren opplyser at billetten (150 kr) dekkjer både kåseri, servering og konsert. Barn går gratis (feil på nokre plakatar).

 

 

Skattar i lokal kyrkjekunst

 

Rasmus Teilgaard (1685-1754) i Stangvik var både militær, godseigar, tiendforpaktar, kyrkjeeigar og biletkunstnar. Han måla den flotte barokktavla i Ålvundeid kyrkje – opprinneleg til Christiansunds Kirke frå 1725. Teilgaard etterlet seg også presteportrett og andre måleri.

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2323115.1537.vpwxwfxudv/Jonsvaka%C2%A0d%C2%A0Teilgaard%C2%A0TAVLE%C2%A0%C3%A5LVUNDEID_715x551.jpg

Altartavla i Ålvundeid er måla av Stangvik-kunstnaren Rasmus Teilgaard (1725)

 

Ole Joensen Kolset (1722-1789) kom truleg frå Kalset i Bøfjorden og kan ha vore elev av Teilgaard. Kolset vart ein av landsdelens fremste kyrkjekunstnarar. Utanom altartavler og andre verk i Halsa, Bremsnes, Frei og (kanskje) Mo kyrkjer på Nordmøre finn vi Kolset-kunst mange stader på Helgeland – i Skjerstad, Mosjøen, Grane og Alstahaug. Ein kulturberar som fortener å bli betre kjend!

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2324111.1537.pbqawxbcse/Jonsvaka%C2%A0e%C2%A0Preikestol%C2%A0Halsa_715x877.jpg

Preikestolen i Halsa-kyrkja er «stafferet» av Ole J. Kolset.

 

Lars Drejer (1754-1819) har dekorert altartavlene i gamle Edøy, Aure og (truleg) Stangvik kyrkjer. Han budde på Åsgard (Drejerstua) siste del av livet.

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2324112.1537.xyvvyqsrtc/Jonsvaka%C2%A0f%C2%A0Altartavle%C2%A0Stangvik_715x847.jpg

Altartavla i Stangvik vart måla i 1807 – truleg av Lars Drejer frå Åsgard.

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2323113.1537.babusyqata/Jonsvaka%C2%A0g%C2%A0Follestad%C2%A0Dorothea%C2%A0Sj%C3%B8lvportrett_350x407.jpg

 

 

T.v.  Dorothea Follestad (1855-1921) – sjølportrett.

 

 

 

Orgelbrus og toneromantikk

 

 

Johann Sebastian Bach treng ingen presentasjon. Søndag blir hans drivande flotte «Dorisk Toccata» å høre på orgelet i Åsskard kyrkje – her har fingrar og føter nok å bestille! Tor Strand spelar dessutan variasjonsverket «Hellig Olav» av den Vadsø-komponisten Gottfred Pedersen (1911-1941).

 

 

 

Orgelsolist Tors Strand (t.h.)

 

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2323112.1537.pcrrtdpvrr/Jonsvaka%C2%A0h%C2%A0TOR%C2%A0STRAND_350x396.jpg

Edvard Grieg (1843-1907) laga ein storveges songskatt i tillegg til mykje flott klaver-, kammer- og orkestermusikk. Sigrid Bøe og Tor Strand framfører «Jeg giver mit Digt til Vaaren» (tekst Bjørnson), «Blaabær-Li» frå Garborgs Haugtussa og «Solveigs Sang» (Ibsens Peer Gynt ).

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2323109.1537.tytfxspwuq/Jonsvaka%C2%A0i%C2%A0GRIEG_350x440.jpg

Nedst t.v.  Edvard Grieg – nasjonalt musikk-ikon.

 

 

 

Sjøl om han vart berre 38 år, skapte Felix Mendelssohn-Bartholdy (1809-1847) ein makelaus toneskatt – der den reine, vakre melodi er varemerket. Åsskard Kyrkjekor syng utdrag frå oratoriet «Elias», der hovudpersonen kjempar mot Baals-prestane og opplever engelsongens styrkande skjønnhet – «Ver stille i Gud», «Løft ditt blikk» og «Han byder sine engler». Like vakre er Mendelssohns tre latinske motettar - for opptil 6-stemmig damekor. Med desse vil årets Jonsvaka klinge ut i sommarkvelden.

 

 

Nedst t.h. Felix Mendelssohn – romantikkens store melodiskapar

 

https://trollheimsporten.custompublish.com/getfile.php/2323107.1537.wddtwupebp/Jonsvaka%C2%A0j%C2%A0MENDELSSOHN_350x401.jpg