Jørgenvers Gravvold Jørgen SKALD

Annonse:

Jørgen-vers på museet

Søndag gir Bøfjorden Sjøbruksmuseum gjenhør med stubbar og vers av Jørgen Gravvold (1930-2005).

Ingressfoto: I 1974 vann Jørgen Gravvold skalde-konkurransen i Adresseavisen og vart premiert med modell av diktarhesten Pegasus. (Privat foto)

Innsendt av Bernt G. Bøe/Bøfjorden Historielag​.


Den vittige, reflekterte og treffsikre trubaduren frå Bøverdalen ville ha fylt 90 dette året.

På museet vil m.a. Gunhild Bøklep Bøe, Inger Lise Heggem og Bernt Bøe portrettere den produktive bygdediktaren og framføre muntre og ettertenksame utdrag frå hans store og varierte produksjon.

Attåt livshistoria til Jørgen kan ein høre om kvitløkens fantastiske eigenskapar, få tips til tannreparasjon (med Araldit), sukke med ei moderne «Dagros», oppleva «Songmøt på Bøfjordskulå» og historia om «Finnguten» - for å nemne litt av innhaldet.

Programmet på museet blir forhåpentlegvis god reklame for konsertane med ei lokal gruppe leia av Per Jarle Riksheim seinare i haust.

Museet har plass til 40 gjestar og følgjer vanleg smittevern.

 

2020 08 23 PLAKAT Museet.jpg

Bøfjorden Historielag er medlem av Trollheimsporten.