"Jim's venner" innfridde
Arena:Kirke kunne fredag kveld presentera ein konsert med sus av fordums tid. Denne gongen var det eit hyllestband til den forlengst avdøde, amerikanske countryartisten Jim Reeves som gjesta Rindal kyrkje.
Reeves døydde i ein flystyrt i Nashville i 1964, medan han var på toppen av si karriere. For øvrig same år som han gjesta Noreg for første og, naturleg nok, einaste gong.
Publikum, ca 170 (!) i talet, fekk oppleva ei reise i Reeves musikalske liv, og eg vil tru mange drøymde seg tilbake til 60-talet, etterkvart som den eine hit'en etter den andre blei framført.
Vokalist, Lars Ingar Bøe Mølmen, var stødig som vokalist og gjorde sitt til at vi som var der fekk følelsen av å sitje i ein konsertsal ein plass i statene først på 60-talet. Bandet og koristane fulgte opp med flott samspel og god stemning! Musikken til Reeves er den dag i dag fortsatt høyrbar og aktuell, sjølv om det sikkert er ekstra stas for dei som opplevde tida musikken hadde si storhetstid!
Av mange høgdepunkt, kan «I can`t stop loving you», »Mexican Joe» og «I love you because» nemnast og sjølvsagt ekstranummeret «Snowflake» var med på å gjera dette til ein fin oppleving for dei frammøtte.
Bandet mottok ståande ovasjonar, og publikum verka å vera strålande fornøgd med konserten bandet frå Hemne gjennomførte!
Vokalist Lars Ingar Bøe Mølmen.
Bandet bestod av: Lars Ingar Bøe Mølmen, Lars Tore Vassli, Geir Ivar Steigedal, Alexey Kurbanov, Jorulf Gumdal og Tom Jørgen Ruøy. Koristar var Stine Dalum og Kristine Kilvik.