Jesus på sitt beste
I teksta denne søndagen får vi høyre Jesus på sitt beste, seier sokneprest Lene Gåsvatn. Preika hennar frå Øvre Rindal kapell kan du lese nedafor!
Preiketekst sundag 12.06.16.
Matteus 9,35-38.
Jesus vandret nå omkring i alle byene og landsbyene. Han underviste i synagogene deres, forkynte evangeliet om riket og helbredet all sykdom og plage. Og da han så folkemengdene, fikk han inderlig medfølelse med dem, for de var forkomne og hjelpeløse, som sauer uten gjeter. Da sa han til disiplene sine: «Høsten er stor, men arbeiderne få. Be derfor høstens herre sende ut arbeidere for å høste inn grøden hans.»
Her har me høyrt Jesus på sitt beste. Alias han som forkynner evangeliet om riket. Alias han som helbreder all sjukdom og plage. Alias han som får inderleg medfølelse med folk fordi dei er forkomne og hjelpelause, som sauar utan gjetar. I denne samanhengen er det disiplane får marsjordren sin: Hausten er stor og arbeidarane er få. Be difor haustens Herre om å sende ut arbeidarar for å hauste inn grøda hans.
Slik var det då, den gong både disiplar, høyrelystne og lidande kunne koma seg innanfor rekkevidde av gode gjerningar og gode ord.
Korleis er det no? Me kan sjå oss ikring og leggja merke til at disiplane, som i kraft av misjonsbefaling og Krafta i Heilaganden blir apostlar med temmeleg vide fullmakter i teneste for Gud og nesten.
Og dei når ein svært så vid radius der dei fèr, helbreder og forkynner. Dei har sett og opplevd og meddeler vidare slik Johannes` fyrste brev vitnar om det:
Det som var frå opphavet, de vi har høyrt, det vi har sett med våre eigne auge, det vi såg og det hendene våre rørte ved, sjølve lisens ord, det forkynner vi.
Skulle alt vore basert på over middels av kolerisk personlegheit, gode talegåver og vinnande vesen, ville det snart ha vore slutt. Kyrkja sitt liv og død iblant oss ville nok gått ganske så upåakta hen.
Men dei hadde meir, desse som vart apostlar: Dei hadde oppdraget frå Jesus.
Det var Jesus som hadde lært dei opp. Det var han som hadde sagt at dei skulle spreie seg utover og nå lengre og lengre – ikkje for sin eigen del, men for å forkynne frelse og nytt liv i Jesus Kristus. Det er Livets Ord dei fèr med.
Og eg hadde nær sagt: Kvifor kan ikkje me gjera det same som dei kunne? Vel har me ikkje sett Jesus og merka varmen frå augo hans. Me har ikkje høyrt Jesus tale mildt til oss. Me har ikkje sett anna enn . . . ja, kva har me sett?
Me har sett alt slik det er overlevert til oss. Ordet, Bibelen, må stå sterkt mellom oss og i oss. Der har me kjelda til det nye livet i Jesus Kristus, ord me treng som mat for tanke, sinn og sjel.
Vidare har me sett alt slik apostlane hadde gjort det: At det er ein klår samanheng mellom å vita og meddele, mellom å tru og vitne.
Eg veit ikkje kven eg skammar meg som mest over når dette med vitning kunne vore så aktuelt - utan å bli det. Skammar eg meg over meg sjølv fordi eg ikkje torer? Eller er det eventuelt lener meg i tyngste laget over orda frå Frans av Asissi: Han skulle forkynne evangeliet, om nødvendig med ord.
Forkynne, om nødvendig med ord. Når gjer me det?
Eg må ærleg inrømme at eg har problem med denne typen forkynning om eg føler meg ledd av, overstyrt, utnytta, kontrollert –
- i det heile alle slike situasjonar eg kan koma i som fyller ein med ubehag. Skal kristne vera berre snille og i alle fall snillare enn folk flest? I tilfelle kunne ikkje eg koma særleg langt, er eg redd.
Men det er nokon holdningar me bokstaveleg talt er pålagt å ha: Me skal sjå til dei som er svake. Me skal sjå til dei som treng oss. Me skal sjå til dei som slit med sjukdom og er einsame. Den slags kall til barmhertigheit korkje kan eller skal me snakke oss bort ifrå.
Og så skal me be. Me skal be han som her blir kalla for Haustens Herre om å sende ut arbeidarar så grøden kan bli hausta.
Allereide då Jesus sa dette, var hausten stor og arbeidarane få. Behova er vel ikkje mindre no, vil eg tru.
Men korleis gjer me dette? Me kan då ikkje undra oss ansvaret for å be. Be Høstens Herre om at arbeidarar må bli sendt ut for å hauste inn grøden hans.
Så er me ikkje lengre åleine og individuelle i kvar vår ugjennomtrengelege boble eller skilpaddeskall. Me er oss, eit arbeidslag, ei menigheit av alle folk og nasjonar i denne vesle biten av evigheita som er vår samtid
Har me dette perspektivet på liv og gjerning, blir det kanskje ikkje så skummelt å gjera apostlane etter og seia eitkvart om han me kjenner som Frelsaren vår.
Medfølelsen hos Jesus er, som me høyrde, inderleg. Og vil eg tru: Omfattande nok til å rekke til både folkeredde kristne og dei som så inderleg gjerne skulle hatt eit godt ord til liv og saligheit. Me skal be Haustens Herre om å drive ut arbeidarar, men jommen kan me også sjå oss sjølve som eit bønesvar.
Veit me vegen til det Riket Jesus forkynner om, så kan me også hjelpe andre å finne det. Me kan også vera ein vegvisar, ein lysberar, ein med-vandrar slik Jesus er det med oss. Spanande kva som kan skje om det blir slik, ja!
Slik eg ser det og trur det er, blir samtida vår berre som ein liten flik av evigheita å rekne. Eit liv varar ikkje lengre enn ein sommarvind. Det er så kort og så lite. Når det fyrst er så lite, må me klare å kunne halde fred med kvarandre. Me må kunne fortelja om Han som er God. Me må kunne få til dette og løfte blikket og sjå ut over dette Jesus kallar for ein stor haust. Og gjerne også takka for håpet han planta i oss. I tryggheit om at alt det Jesus hadde av inderleg medfølelse også kan angå oss. Vedkjenner me oss vårt kall og oppdrag, vil gjerne me òg lata Jesu kjærleik og Jesu medfølelse vera ein stor bit av alt som er vårt.
Eg veit ikkje nokon som skildrar trua på framtida likar` enn vår store poest Olav H. Hauge i diktet om håpet – eller var det draumen?!
Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.