Mari finalist tiårets værbilde

Ja til Surnadal, Rindal og Halsa

Kommunereforma har ikkje akkurat vore ei gladsak for folk flest. Ordet «reform» betyr «forbetring», men for mange av oss har reforma handla mest om å unngå skade. Personleg har eg lenge klamra meg til 0-alternativet fordi vi veit kva vi har, men ikkje heilt kva vi får. Men endringar lyt vi møte uansett. Det viktigaste for mange av oss er at vi vil sjå lys i glasa i bygdene og i kommunehusa. Vi ønskjer å oppretthalde det busettingsmønsteret vi har og gjere det attraktivt og muleg for neste generasjon å overta og fornye arbeidsplassar, institusjonar, hus og gardar. Det er eit viktig val vi skal ta no i april. Eg trur at ein ny kommune med Surnadal, Rindal og Halsa er ein ansvarleg og god start på framtida etter kommunereforma. Vi er gjensidig avhengige av kvarandre og kjenner kvarandre best. Eit lite dikt i høve valets kval:

Nordmørspine (Nordmørsminne...)

E e på fæljen og reformtoilla
Lyt ta ei avgjer på ostø grunn
Ta Nordmørs-kartet bli no fertålla
Mot region og mot Kristiansund

De e sådd tvil fer sa Nordmørslainnja
No samlast kræfte og spyd te vårn
Vil vi bli frossn å trur vi stranda
På ulne grenså mot by og tårn

E går å grubla og les om bøgdinnj
Om Intensjon' så legg bli og blå
"For ever" Rindal mot fjørrubøgdinnj
Hæll ny kommune tå flære små

E står på ferjåinn dæm går og håna
Å fer et hinder fer vekst og gli
D va da svarte te stort dilemma
Kan så først ska få slæpp ferjå si

No stig d imot me frå statistikka
Mea barndomsbjøllå kling kjent å kjert
At ska vi løft oss tu olderkjerra
Lyt vi 3 byggje kommune tvert

Me Rindaln, Halsa og Surnadalen
Går vi ei framtid så varmt i favn
Å bli vi veglaus så bærre ræk vi
I Midt-Norsk-leia og finn oss hamn

 

Surnadal, 07.04.2016 Anne Lise With Wullum

 

Illustrasjonsfoto: Mari Vattøy.