koronavirus oppdatert illustrasjon - SKAL KREDITERES CDC - Hannah A Bullock og Azaibi Tamin

Oppdatering frå Surnadal kommune fredag 18. september:

Iverksette tiltak som følge av påvist smittetilfelle med covid-19 i Surnadal

I samband smittesporing av eit tilfelle av påvist Covid – 19 i Surnadal kommune er desse barnehageavdelingane/skuletrinna stengt av kommuneoverlegen fredag 18.09 og måndag 21.09. 2020.

Ingressbilde: CDC/Hannah A Bullock og Azaibi Tamin.

  • For Midtigrenda barnehage gjeld dette barn og tilsette på Maurtua.
  • For Øye barnehage gjeld dette barn og tilsette på Austistuå og Utistuå.
  • For Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter gjeld dette elevar og tilsette på 1.- 3. trinn.
  • For Mo barnehage gjeld dette alle barn og tilsette.
  • For Øye skule gjeld dette elevar og tilsette på 2. og 4.trinn. I tillegg er SFO også stengt desse dagane.

 Kommuneoverlegen ber også om at søsken til dei som går på dei stengde avdelingane/trinna er heime desse to dagane.
 
Foreldre til barn på barnehageavdelingar/trinn som er stengde og søsken til desse, blir bedne opp å forhalde seg tilsvarande karantenvilkår fram til ny beskjed blir gitt. Dette betyr å halde seg heime, ikkje gå på jobb utan at det er samfunnskritisk nødvendig, vurdere eigen allmenntilstand og vurdere å teste seg om ein får symptom.
 
Nærkontaktar som er sett i karantene, skal teste seg.

Dei tiltaka som er sett i verk er gjort som eit føre var-tiltak inntil vi får kontroll over smittesituasjonen. På bakgrunn av dei funna vi får i løpet av dei neste dagane vil det komme ei justering av tiltak som er sett i verk.  Alle berørte vil få ny informasjon så snart som muleg.

Tilsette i andre berørte einingar kan få råd ved å kontakte sin nærmaste leiar og følgje med på informasjon som blir lagt ut på ansattportalen.