sigurd brørs pappapop 1 foto nils kristian thompson eikeland

Inviterer til Pappapop-slepp

Laurdag får publikum i Storstuå vere med på det som må kunne kallast ei verdspremiere. Då står nemleg The Brørs på scena med splitter nye låtar, som er dei aller første i sin sjanger: "pappapop".

(Ingressfoto: Nils Kristian Thompson Eikeland)

 – Eg kan ikkje lage generelle «I love you»-tekstar, ler Sigurd Brørs, mannen bak The Brørs.

Sist var konseptet powerpointpop, 13 singlar og ein epilog med tilhøyrande musikkvideoar. Desse vart utgjevne over ein sesong - naturleg nok kalla sesong 1.

No er det ein ny sjanger, eit nytt konsept, som gjeld. «Pappapop», som både sjangeren og den nye plata til The Brørs heiter, vert av Sigurd skildra som «ein shuffle i klassisk Beach Boys/Beatles-tradisjon».

Tekstane handlar om fødsel, familie og den for Sigurd ferske papparolla, etter at han og Guri Sørumgård Botheim vart foreldre til dottera Runaug på tampen av 2016.


Spelar i Storstuå laurdag

I helga er det klart for plateslepp-konsertar. Laurdag klokka 19.00 spelar The Brørs i Storstuå i Surnadal kulturhus, medan det søndag vert konsert på Antikvariatet i Trondheim. Sigurd Brørs gler seg til å presentere pappapopen sin for sambygdingane.

– Det blir artig å spele heile plata framfor publikum, spesielt sidan vi skal ha med fullt band. Dei har vore kjempepositive gjennom heile prosessen, og løftar prosjektet mange hakk, seier Brørs.

Sjølv spelar han gitar og syng, og med seg på laget har han Oddbjørn Sponås på slagverk, Jørgen Wassvik på bass, Brage Kristian Einum på tangentar, Martin Vognild Einum på munnspel og Emil Emilson Holmesland på trompet.

– Publikum får servert ein konsert med rock og pop, litt etter korleis ein definerer musikken eg spelar. I tillegg kjem eg til å introdusere låtane litt og fortelje litt om pappapopen, seier Brørs.

For å feire pappapopen og bandet mellom far og barn, får alle som kjem på konserten saman med far sin gratis CD.


Ekstremt gjennomført

Og det å ha den fysiske utgåva av «Pappapop»-plata er så absolutt eit poeng, sjølv om musikken og er tilgjengeleg digitalt.

Med Sigurd sitt eige, flotte design, barnebilete av alle bandmedlemmane samt illustrasjonar frå dotter og hovudperson Runaug er dette eit heilstøpt produkt. Vedlagt den fysiske CD’en finn ein og alle songtekstane, som jamt over er drivande gode. Konseptet «Pappapop» framstår rett og slett ekstremt gjennomført. Godt gjennomført.

– Eg har alltid vore litt konseptuell av meg, det var det same i tida i KaRL BaRX. Dette konseptet starta i grunn med epilogen frå «The Brørs – sesong 1», Hallo, som vart til den første songen på «Pappapop»-plata, seier Brørs, og legg til:

– Songane på plata er faktisk presentert kronologisk. Likevel var det ikkje før eg laga «Pappapop», som er den sjette songen på plata, at det slo meg at det var nettopp «Pappapop» som sjølsagt måtte vere både konseptet, sjangeren og den naturlege platetittelen.

sigurd brørs pappapop 2 foto nils kristian thompson eikeland.jpg
Sigurd Brørs og dottera Runaug er begge utøvande artistar - Sigurd med "Pappapop" og Runaug med "Beibipop" - på den nye The Brørs-plata. (Foto: Nils Kristian Thompson Eikeland)
 

Gler seg til plateslepp

Pappapop-prosjektet starta med ei pengeinnsamling via nettsida Kickstarter. 39 gjevarar gav til saman 27 897 kroner, og i september 2018 vart plata spelt inn i Øra studio. No gler Sigurd seg til plateslepp og konsertar.

– Eg er berre ein mann, og har ikkje noko stort apparat for booking, men har veldig lyst til å spele fleire konsertar med «Pappapop», og nå ut til folk med det. Eg har ein del lokale sponsorar som skal få bruke meg, dersom dei ønskjer det, og som einmannsband er eg generelt lett å hyre inn, seier Brørs.

Han fortel at han håpar at det nye konseptet slår an i heimbygda.

– Det er veldig naturleg å starte med konsert i Surnadal, sidan alle tekstane er på surnadalsdialekt, så eg håpar at surnadalingar og kanskje og nordmøringar likar det.


– Ingen klar plan for neste prosjekt

Powerpointpop blir altså følgd opp med pappapop. Kva blir så det neste frå The Brørs?

– Det veit eg ikkje. Men eg er ganske sjølvkritisk, så eg vil ikkje gje ut noko utan at eg føler at eg har noko å fare med, seier Brørs, og legg til:

– Eg lagar melodiar heile tida, så eg har eit bra lager der. Det nye denne gongen var at det kom så mange tekstar innanfor same konsept, det gav meirsmak. Eg har ikkje ein klar plan for kva som blir neste prosjekt, men eg likar at ting er forankra i kvardagslivet.

CD-plata vert å få kjøpt i resepsjonen på Thon Hotel Surnadal, på nettsida til The Brørs og i samband med konsertane i helga. På spørsmål om kva songar han sjølv likar best må Brørs tenkje litt.

– Eg likar alle, ler han, og slår fast:

– Eg står like mykje inne for alle 12.

Det lovar godt før The Brørs inntek Storstuå laurdag kveld.

sigurd brørs pappapop 3 foto nils kristian thompson eikeland.jpg
Laurdag får publikum i Storstuå presentert verdspremiere på både sjangeren og plata "Pappapop", signert The Brørs, her ved pappa Sigurd og dotter Runaug (Foto: Nils Kristian Thompson Eikeland).